Lørdag 19. mai 2018
FRÅ GARDSLIVET: Debutant Oda Malmin skriv med ein naturleg autoritet. FOTO: ODA BERBY
Tomrommet i midten
Ujålete: Oda Malmin skriv om korleis sams tap kan binde saman.

ANMELDELSE

Etter at foreldra mine selde huset eg vaks opp i, vart nettene ein periode fulle av intense draumar om romma, hagen og utsikta eg ikkje lenger kunne kome tilbake til. Framleis hender det at eg vaknar, full av glede over å endeleg ha kome attende dit kor eg har mitt eige fjell i ryggen og framfor meg skipsleden, kransa av spisse, snøtoppa fjell – for så å oppdage at eg framleis bur i skogkanten i Oslo. Av og til tenkjer eg at eg burde ha blitt der kor eg skjønar mentaliteten og mentaliteten skjønar meg. Så kjem eg på at alt det der var noko eg ein gong lengta etter å flytte frå.

Debutant Oda Malmin ser ut til å skrive med utgangspunkt i den same nostalgiske, men ambivalente tilknytinga til eit heimleg landskap, nærare bestemt dei forblåsne gardane på Jæren. Men ho skildrar ikkje seg sjølv – og barndomen gjer ho seg raskt ferdig med. I staden utforskar ho korleis to søskenborn – oppvaksne på to nabogardar, men likevel med svært ulike utgangspunkt – begge får livet forma av at dei er kvinner fødd inn i eit gardssamfunn prega av tungt arbeid og sterk pliktkjensle.

Gardslivet og ambivalens til heim og odel er kanskje det norskaste tema for ein roman ein kan tenkje seg, og Malmin går inn i ein lang tradisjon det framleis er liv i. Unge forfattarar som Sivert N. Nesbø og Rikard Ingdal skriv om gardsliv, og i fjor gjorde til dømes Tormod Haugland lukke med romanen «Om dyr og syn», kor han tok for seg kampen mellom pliktkjensla knytt til odel og kunstnarkallet.

Fakta

roman

Oda Malmin

Steinauge

Aschehoug 2018, 192 sider

I Malmins debut er det ikkje ein kunstnar i sikte, berre éi kvinne som har gått i fjøset heile livet, og éi med godt hovud for tal. Og heilt frå første setning kjenner ein seg i trygge hender, for Malmin skriv godt på ein ujålete måte, med naturleg autoritet. Ho teiknar effektivt opp kor forskjellige Ingeborg og Randi er, ved å ta utgangspunkt i ei scene frå barndommen; Ingeborg sin bror, Ådne, får dei med på ei vill ferd i ei gamal kjerre, nedover bakkane og rett i sjøen. Ingeborg klamrar seg livredd fast, medan Ådne og Randi er ville av glede og spenning. Men alt i neste kapittel møter vi Ingeborg som aldrande, einsleg gardskjerring – og vi får vite at heile livet hennar fekk ei anna retning då odelsguten Ådne døydde. Etter kvart skjønar vi at også for Randi har det same tapet blitt definerande – men på ein heilt annan måte.

Malmin innleiar boka med eit sitat av den største Jæren-forfattaren av alle, Arne Garborg. Men den kontante stilen i dei nynorske setningane og den knappe, men poetiske måten å vise indre stemningar på, får meg også til å tenkje på Olav Duun. Til dømes startar kapittel 2 slik: «Den siste tida har Randi begynt å sova med armen over ansiktet for å stenga morgonlyset ute, men det må vere noko ho gjer feil. Det er som om ho har opna for noko inni seg i staden.»

Gjennom forteljinga som gradvis blir rulla opp, gir Malmin på uanstrengt og velformulert vis inntrykk av livet i eit miljø med sine heilt eigne gleder – og farar, som på grunn av arbeids­delinga først og fremst rammar mennene. Det er også ein grunnleggjande premiss for kvinner i denne typen samfunn; dei er den evige reservestyrken – når mennene forsvinn, er det kvinnene som må trå til – men først då. Og kva skjer med dynamikken mellom kvinnene når livet tvingar dei inn i nye roller?

Malmin har altså skrive ein klassisk fiksjonsroman godt innanfor den psykologiske realismen, utan spektakulære grep, men med eit godt blikk for ulike personlegdommar og korleis små endringar i styrkjeforholdet mellom nære og kjære kan slå ut i sjølvkjensle og veremåte. Tragedien i ungdommen til dei to kvinnene blir gradvis avslørt, men har ingen uventa eller spesielt skakande verknader på lesaren. Likevel lukkast forfattaren svært godt med å gi eit inntrykk av kulturen i eit gardsmiljø som stilte tøffe krav til alle.

Tittelen er flott, ladd med både konkret referanse og poetiske dimensjonar. Uttrykket «steinauge» viser til bygging av steingardane som pregar bondelandet i kystnære strok – nærmare bestemt korleis ein røynd steingardsbyggjar med eit blikk kunne sjå kor ein stein passa inn. Med til denne byggjekunsten høyrde også at det skulle vere hol i stein­gardane, slik at vinden kunne blåse gjennom dei utan å rive ned steinane. Hol som gjer steingarden meir varig – tomrom som på eit vis bind saman. Det blir eit sterkt bilde på at relasjonen mellom syskenborna også er halden saman av eit tomrom, nemleg tapet av Ådne.

Det er så lett å påstå at alle kan gjere det dei vil og bli kven dei vil i løpet av livet. Men på sin stillfarne, stilsikre måte viser Malmin kor mykje som er bestemt for oss alt ved fødselen: Kva kropp, kva familie, kva kultur og kva natur vi skal vekse opp og inn i, som igjen avgjer kva ressursar vi har i ryggen når vi møter samfunnet og korleis vi lærer å tenkje om oss sjølve. Kva som skal gjere oss glade, kva vi skal lengte etter, kva plikter vi opplever som tvingande. Enten vi blir eller reiser vekk, blir dét det mentale landskapet vi lever i resten av livet.

bokmagasinet@klassekampen.no

Lørdag 20. oktober 2018
Adjø: Didier Eribon forlot arbeiderklassen, sammen med fransk venstreside.
Lørdag 13. oktober 2018
Sorg: Steffen Kverneland foreviger faren og forsoner seg med livet i sin uvanlig personlige og direkte tegneseriebok.
Lørdag 6. oktober 2018
Ru: I «Menn i min situasjon» fangar Per Petterson oppløysings­tendensar i briljante oppløysingssentensar.
Lørdag 29. september 2018
Eksotisk: Espen Ytreberg forsøker å løfte Roald Amundsens østsibirske døtre ut fra glemselen.
Lørdag 22. september 2018
Status: Helene Uri leverer eit bittertglitrande forsvar for kvifor vi treng å avpaternalisere språket.
Lørdag 8. september 2018
Til sjøs: «Havlandet» av Per Anders Todal er et fabelaktig dypdykk i havet – havet som skapte Norge.
Lørdag 1. september 2018
Absurditet: Marita Fossums «Singularitet» er en overbevisende refleksjon over forholdet mellom tenkning og handling.
Lørdag 25. august 2018
Vilter: Kristine Næss går opp grensene mellom ideal og realitet i sin nye roman.
Lørdag 18. august 2018
Undersida: Med eit både poetisk og essayistisk uttrykk er Anne Helene Guddal blant dei sterkaste stemmene i den unge litteraturen.
Lørdag 11. august 2018
Lykke: Er det så enkelt som at når institusjonene svekkes, står det erotiske begjæret alene tilbake som drivkraft i menneskelivet?

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk