Klassekampen.no
Fredag 18. mai 2018
Ein flamme av minne eller hat? Michael B. Jordan har hovudrolla som den tvilande bokbrennaren Guy Montag i Ramin Bahranis nye filmatisering av «Fahrenheit 451». Foto: HBO Nordic
Ekkokammeret
Diktatur er eitt botemiddel mot sosial splitting.

FILM

«Fahrenheit 451»

Regi og manus: Ramin Bahrani etter Ray Bradburys roman.

Med: Michael B. Jordan, Sofia Boutella, Michael Shannon.

Lengde: 1t. 40 min.

Vist på: HBO Nordic frå 23. mai.

Melding

HHHIII

I «Fahrenheit 451» har USAs framtidige, autoritære styresmakter forbode bøker. Etter ein andre borgarkrig er landet styrt av det sekulære «Ministeriet», som skal sikra folk «lukka» ved å hindra opprørande trus- og meiningsbryting. Hovudoppgåva til brannvesenet er å brenna både papir (i filmen òg harddiskar) og dei motstridande tankane som er trykte på det. Historia til brannvesenet er skriven om i tråd med dette mandatet.

Den unge brannmannen Guy (den karismatiske Michael B. Jordan) byrjar å stilla spørsmål ved jobben, og hamnar mellom sin mentor Beatty (Michael Shannon) og undergrunnsaktivisten Clarisse (Sofia Boutella).

Ray Bradbury skreiv si mest kjende bok i 1953, like etter at USA hadde ytt sitt til å kjempa ned dei bokbrennande nazistane, berre for å starta svartelisting av eigne forfattarar under Mccarthyismen. Desse omstenda, som den lite subtile filmen viser til i fortekstane, var likevel ikkje Bradburys hovudmotiv. Det var det nye tv-mediet som skremte han – og «Det beste»-bøker.

Han var redd vi ville mista minnet vårt, at vi heller ville lata oss underhalda enn å tenkja og la tv-selskapa styra distraksjonane.

François Truffaut laga ei stilisert filmatisering av romanen i 1966, men ideane høver opplagt vel så godt i ei verd der vi alle har vorte eitt med elektroniske media, der omgrep som teknoduopol, ekkokammer og falske nyhende finst i dagleg­språket, og der gråteemojis skal uttrykkja både kondolanse og vonbrot over sportstap. Det ligg ein synleg kulturkritikk i dei nattmørke bilda til Bahrani, der folk går på bar med VR-briller, der arkitekturen fungerer som digitale skjermar for det statlege informasjonsmonopolet, og der den kalkulerte publikumsresponsen på propagandistiske nyhende er redusert til opphissa emojis (hovudskallar, flammar).

Diverre er ikkje den tekstlege sida av filmen like klår, og det øydelegg for ein film som har forsvar for fri tanke som sitt tema. Skodespelarane, og særleg Michael Shannon, er pålagde støtt å sitera frå Platon og Dostojevskij på eit vis som er pompøst og platt på same tid. Tekstane som skal fungera kontekstualiserande for det handlingsorienterte plottet, stikk seg ut som malapropos og gjer – stikk i strid med intensjonen – tomme klisjear av verdslitteraturen! Dei brennheite scenene med bokbrenning er meir effektfulle. Titlane som sjåaren skal kjenna att i flammane, må naudsynt bli kanoniserte bøker, men ein kan stussa over at «Maos lille røde» har fått prominent plass i ei anti-sensurforteljing.

Bahrani har vist at han kan handtera vår tids sosioøkonomiske problem i filmar som «99 Homes» (med ein betre utnytta Michael Shannon), men i «Fahrenheit 451» saknar vi visjonane til ein Steven Spielberg («Minority Report») eller grep frå «Black Mirror», tv-serien som aktualiserer temaa som engasjerte Ray Bradbury.

Bahranis ambisjonar med «Fahrenheit 451» ser ut til å vera større enn det speletida tillèt. Det går òg utover dramaet, med si uforløyste far-son-forteljing og der rolleteikningane anten er fråverande eller springande og utruverdige.

guri.kulaas@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 11. juni 2018 kl. 14.44

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk