Onsdag 16. mai 2018
KULER OG KUTT: Anniken Huitfeldt er ikkje nøgd med forsvarsbudsjettet til regjeringa. Her er ho fotografert av Hæren saman med hærsjef Odin Johannessen i Troms i går.FOTO: OLE-SVERRE HAUGLI, FORSVARET
– Regjeringa har i praksis brote avtalen om landmaktforliket, seier Aps Anniken Huitfeldt:
Ser forlik som daudt
SMELL: Opposisjonen rasar mot regjeringas forsvarsbudsjett. Ap seier ja takk til å finne nye fleirtal i Stortinget – på tvers av forliket med regjeringa.

REVIDERT STATS- BUDSJETT

Regjeringa har i realiteten gått frå landmaktforliket. Det meiner Arbeidarpartiets forsvarspolitiske talsperson Anniken Huitfeldt:

– Om vi hadde visst at dette skulle bli resultatet, hadde vi brote forhandlingane i haust med éin gong, seier Huitfeldt til Klassekampen.

Ho er ikkje nådig med korleis regjeringa har følgt opp landmaktforliket. Dette er forliket om framtida for Hæren og Heimevernet og er ein viktig del av det totale forsvarsforliket.

– Her er det ingen forbetring for stridsvognene. Det er veldig alvorleg for hæren om dei ikkje kan kome før tidlegast i 2025. Regjeringa kjem no med nye opplysningar, og det er alvorleg, seier Ap-toppen.

Med revidert statsbudsjett kom nyhenda om at regjeringa meiner det ikkje er mogleg å skaffe til vegs nye stridsvogner i 2019. Same stad kom opplysninga om at berre tre militærhelikopter skal vere stasjonert på Bardufoss i Troms.

– Kva gjer dette med forsvarsforliket?

– Regjeringa har i realiteten brote avtalen om nye stridsvogner.

Når Ap no meiner forliket er brote, står dei fritt til å kome med nye framlegg i Stortinget.

– Vi vil gjere framlegg om å oppgradere stridsvognene. Det er òg naturleg for oss å kome med framlegg om å kjøpe nye eller brukte helikopter.

Fakta

Forsvarsforliket:

• Hausten 2016 vedtok Stortinget langtidsplanen for Forsvaret. Regjeringa fekk då støtte frå Ap om Forsvarets struktur og investeringar dei neste 20 åra.

• Normalt gjeld ein langtidsplan for heile Forsvaret, men denne gangen la ein opp til at eit eige utval skulle gje råd om Hæren og Heimevernets framtid i ein eigen studie.

• Det leidde fram til den såkalla landmaktproposisjonen, som Stortinget vedtok i fjor haust, også då med støtte frå Ap.

• No bryt Ap med regjeringa i forsvarspolitikken.

Manglar pengar

Huitfeldt er svært kritisk til at regjeringa meiner det er pengemangel som gjer at det ikkje kjem nye stridsvogner.

– Det kan hende det ikkje er teknisk mogleg å få stridsvogner i 2019, men det er mogleg å få dei i 2021. Vi kan ikkje vente til 2025. I 2020 vil vi vere einaste land i Nato med gamle vogner.

Huitfeldt er òg kritisk til at Skjold bataljon i Troms ikkje blir ein ståande bataljon, men ein mobiliseringsbataljon.

– Dette er dermed inga forbetring frå tidlegare.

Huitfeldt seier at regjeringa tidlegare har lagt opp til at Forsvaret kan nytte alternativ helikopterkapasitet frå Kystvakta.

– Men forsvarssjefen har rådd frå å ta helikopter frå Kystkvakta. Dermed blir helikopterkapasiteten i Nord-Noreg svekt.

Ap-toppen seier ho ikkje fekk vite noko om desse opplysningane før revidert budsjett blei lagt fram i dag.

– Det er underleg å leggje fram den tidlegare informasjonen og berre gå ut frå at det kan bli sånn.

– Så du fekk ikkje vite noko om dette før i dag?

– Nei.

Ikkje haldbart

Trygve Slagsvold Vedum, leiar i Senterpartiet, er svært kritisk til manøveren frå regjeringa.

– Det som ligg her no, er ikkje haldbart. Eg ventar at dei andre partia ser at det regjeringa kjem med, er for dårleg, seier han til Klassekampen.

Sp var ikkje ein del av forsvarsforliket, men meiner stoda gjer at ein må sjå på saka på nytt:

– Vi har heile vegen vore villige til å diskutere dette, men vi ville ikkje signere noko før jul som vi visste var for dårleg. Om eitt eller fleire parti vil ta ein ny runde, så er vi meir enn villige til det.

Huitfeldt er open for Vedums invitasjon.

– Det ønskjer eg gjerne å gjere, seier ho.

KrF: Føresetnaden er borte

Kjell-Ingolf Ropstad, finanspolitisk talsperson for KrF, er svært kritisk til stoda i Forsvaret:

– Føresetnaden for forliket er ikkje oppfylt. Eg reagerer sterkt på at det ikkje blir ni, men tre helikopter i Bardufoss. Det same gjeld opplysningane om stridsvogner.

– Vil de setje dykk ned med regjeringa, eller også med forlikspartnarane, for å sjå på dette?

– Det må vi nesten drøfte nærare. Men dette er ei sak mellom fleire parti, seier Ropstad.

SV seier ja takk til å diskutere forlik – på eitt vilkår.

– Ingenting kan vere av bordet, heller ikkje jagarflykjøp. Det er det rådyre flykjøpet som gjer at vi er i denne håplause situasjonen, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

Han meiner forliket «openbert» er brote.

– No har ikkje regjeringa råd til å skaffe stridsvogner. Kampflykjøpet kveler resten av forsvaret.

politikk@klassekampen.no

Lørdag 21. juli 2018
debatt: Over­levende Helén Ingrid Andreassen fikk hat-telefoner da hun deltok i innvandrings­debatt. Men oppgjøret med ytre høyre etter 22. juli har uteblitt, sier hun – og derfor orker hun likevel.
Tirsdag 17. juli 2018
INKASSOKRAV: Hvor mye penger har Erna Solberg lovet Nato å bruke på forsvar de neste årene? Det er spørsmålet Bjørnar Moxnes nå krever et klart svar på.
Onsdag 11. juli 2018
BØNDA IFRA NORD: Finnmark kan ramle heilt ut av Stortinget. Finnmarks fylkesordførar er likevel open for at areal skal telje mindre enn i dag når ein fordeler stortingsmandat.
Tirsdag 10. juli 2018
TRYGD: Regjeringen vil hindre at trygde­ytelser eksporteres ut av landet. Men internasjonale avtaler gjør at forslagene får få konsekvenser. – Prinsipielt viktig, sier Erlend Wiborg (Frp).
Lørdag 7. juli 2018
HARDHENDT: KrF-leder Knut Arild Hareide får en opptur på tampen av sin mektigste stortingsperiode, men får mest skryt av velgerne for å ha presset ut Sylvi Listhaug (Frp).
Tirsdag 3. juli 2018
STØ KURS: Det er ikke politikken som har gitt Ap dårlig oppslutning. Det sier Jonas Gahr Støre, som tror på bedre tider så snart medie­kjøret mot partiet legger seg.
Lørdag 30. juni 2018
KRIG: Hun ble presset til å akseptere bombingen av Libya på telefon fra et hotell i Trøndelag. Nå tar Liv Signe Navarsete et oppgjør med daværende statsminister Jens Stoltenberg.
Fredag 29. juni 2018
HJEM IGJEN: Arbeiderpartiet må gå til venstre for å gjenvinne arbeidsfolks tillit, mener Kjersti Stenseng. – Vi er et parti for det store arbeidende folk, sier hun.
Tirsdag 26. juni 2018
ADVARER: Flyktningekspert Paul Collier mener sosial­demokratiske partier over hele Europa må legge om asyl­politikken og kaller Angela Merkels linje for «ikke bærekraftig».
Mandag 25. juni 2018
STOPP: Aps Masud Gharahkhani lar seg ikke skremme av asylliberalerne i eget parti. – Får vi ikke kontroll over innvandringen, svikter vi arbeiderklassen, sier han.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk