Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sjukepleie

  • «Jeg har lyst til å bli sykepleier, men kommer ikke inn på studiet», skriv 24-åringen Henriette Thoen i tidsskriftet Sykepleien. Ho har arbeidd i fem år på sjukeheim, og no har ho funne ut at det er sjukepleiar ho vil bli. Ho har søkt «på sykepleierutdanningene i hele Oslo og Akershus», men kjem ikkje inn. Ho må nemleg konkurrere med elevar som kjem rett frå vidaregåande, og som kan søkje i fyrstegongskvoten. Dei som ikkje søkjer med éin gong etter vidaregåande må søkje i ordinær kvote, og her er snittet høgare. Thoens løysing: «Hva med å endre kravene for inntak på studiet, slik at man sikrer at alle søkere er dedikerte folk som vet hva de vil?»