Klassekampen.no
Lørdag 12. mai 2018
Sørine Navarhaugen

Det var no fyre jol, i adventstidi, det var medan eg kveldsstelte hestane, då vart eg vare ei liti mus som sat på den smale kanten av vatsspannet i stallgangen hjå Balder, og ho tøygde seg ned og drakk småe supar, eldende snøgt sup for sup. Ho var so nett og fin, og eg kalla henne radt for Sørine Navarhaugen som var teikna like nett og fin i bladet «Bustenskjold» som eg hadde kjøpt til jol. Ja, for eg trur plent at denne musi var ei hoe.

Men verdi er mest aldri beinkløyvd. Eg fekk ein slik leid klem for bringa når eg såg fyre meg at ho Sørine, når ho tøygde seg etter vatn, kunde koma til å misse fotefeste og stupe ned i bytta og druknast der. Å setja bytta ein annan stad var det ingi hjelp i, ho Sørine var alle stader ho. So eg avgjorde med meg sjølv at i tidi som kom skulde eg stødt halde bytta breddende mett for at det skulde vera lettvint og trygt for Sørine. Det vart mykje vatsbering på meg etter dette, hadde Balder drukke berre litevetta, laut eg lell bera bytta med vatn i burt åt springen for å fylle henne heilt upp.

Dagar og vikor fór framum med vind og snjø og låg vetresol og ein upåliteleg måne både i skap og gjerd, og eg vande meg til å kike på Sørine medan ho sat på kanten av bytta svartøygd og med runde øyro og finslege hår kring snuten. I bladet hadde Sørine nyss fenge krulla håret og stod velnøgd og såg i spegelen. Alle tre hadde me det godt og trygt.

Men so, midt i påskeviko vart ho Sørine burte or stallen, og ikkje berre ho, men eit par andre myser med som hadde sprunge etter golvet. Eg meinte eg visste kven syndaren var. Ein vetremorgon for eit års tid sidan hadde eg set ein svart snute attum ein dørkarm i stallen.

Snuten leda seg og tok vêret av meg, trudde eg. Eg stod heilt roleg. Og når me no visste um kvarandre, sa eg det høgt: «Du fær koma fram då, so eg fær sjå deg». – Ut or museholet kom ein lågføtt langlagd kvitkledd kropp og vilde til å fara framum millom meg og veggen, men eg sa det høgt og fast: «Bide lite no kar», sa eg, «eg vil sjå um du har svart rovetipp, for då er du ein røyskatt, og har du det ikkje, då er du ein lekatt som dei segjer nede i Smaalenene». – Å jau då, han stana, og det var ein lekatt, og svint vart han burte ut stalldøri.

Eg sakna henne Sørine på bytte­kanten, men eg trøysta meg med påskemorgonen som låg framfyre meg, og som salmediktaren Kingo har skildra: «Som den gyldne sol frem­bryder gjennem den kullsorte sky …» – Ho Sørine vilde nok koma attende, um inkje fyrr so til våren or eit anna musereir i utmarkji.

Det er ikkje berre i Jerusalem at det er uppstode.

ran-arn@online.no

Artikkelen er oppdatert: 15. mai 2018 kl. 10.16

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk