Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Psykologi: Skam er ein farleg effektiv reiskap for sosial regulering – og eit viktig tema.

Den sosiale jernlova

INNFØRING: Helene Flood Aakvaag skriv om skammen. FOTO: ANNA-JULIA GRANBERG, BLUNDERBUSS

Å lese Helene Flood Aakvaag si bok om skam vart ei ubehageleg affære, spesielt i starten. Eg vart nemleg klar over kor mykje skam har påverka livet mitt. I ungdommen skamma eg meg over utsjånaden min, men sidan gjekk det opp for meg at årsakene til at eg kjende meg «feil», var langt meir kompliserte.