Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sameining: Leif Høghaug viser oss ei verd der ein kan ta del i fellesskapen.

Ein tankemaskin

Å lesa Leif Høghaugs «Kommunion 2017» er som å lesa «Ulysses» av James Joyce. Du kjem inn i eit labyrintisk verk der perspektivet heile tida byter. Det du blir fortalt, er ikkje til å forstå, fordi du ikkje veit kva dei snakkar om. Dei pratar som om du òg hadde vore til stades då det dei kommenterer, hendte.