Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Under kirsebærtrea i Oslo tenkjer Victor Lind på Schwarzwald, på Paul Celan og Martin Heidegger som drikk av den same kjelda.

Kvass Lind

HEIMEBANE: Victor Lind trivst heime i hagen på Lindern i Oslo, men han kan ikkje sitja der for lenge før verda utanfor trengjar seg på. Tom Henning Bratlie

Vallegata er ei grøn lunge på ei luftig høgd midt Oslo. Her lyd trafikken fjern, og vi kan nyta den overrumplande vårvarmen under dei kvitkledde kirsebærtrea til Victor Lind. Stammane som held oppe dei blømande bladkronene, har strekt og skrudd seg mot lyset sidan 1917. Alderen har gjeve dei enorme trea ein struktur som kunstnaren set pris på.