Lørdag 12. mai 2018
Språkets verkelegheit: Ingrid Z. Aanestad og Terje Holtet Larsen. FOTO: CATO LEIN, BAARD HENRIKSEN
Dei skrivande subjekta
Utforskar: Bøkene til Ingrid Z. Aanestad og Terje Holtet Larsen om lesing og skriving understrekar forlaget sin litterære profil.

MELDING

Det er ikkje akkurat ei utviding av kampsona me er vitne til når Forlaget Oktober no lanserer sin nye «Lese, skrive»-serie, der forfattarar er inviterte til å «reflektere over egen skriving og lesing». Men enten ein meiner det allereie vert skrive for mykje essayistikk med utgangspunkt i eit skrivande subjekt her til lands eller ikkje, så er det kvaliteten på det einskilde skriftstykket som i fyrste omgang må vurderast.

Fyrst ut til å hevde seg i så måte med denne serien, er Ingrid Z. Aanestad og hennar ganske korte «Kva hender i romanen», og Terje Holtet Larsen ganske så lange «Hjemløsheten». To svært ulike tilnærmingar til oppgåva, men i synet på litteraturen generelt som stig fram frå dei to sine refleksjonar kring eiga skriveverksemd, er dei ikkje så ulike. Begge søker ein litteratur som ikkje vert styrt av eit plott, og heller ikkje av forsøk på «realisme», men som i staden underkastar seg språket som eiga verkelegheit. «Å leva med, å forvalta fortida utan å gjera henne til ei forteljing, ei enkel historie om kvifor noko blei som det blei,» skriv Aanestad.

Holtet Larsen føretrekk på si side «litteratur som insisterer på å være litterær, det vil si en litteratur som ønsker å fange sannheten eller virkeligheten på det kunstneriske uttrykkets premisser, fremfor en litteratur som uten motforestillinger forsøker å fremstå som en realistisk og naturtro gjengivelse av den umiddelbart gjenkjennelige virkeligheten».

Fakta

essay

Ingrid Z. Aanestad

Kva hender i romanen?

Lese, skrive 1

Forlaget Oktober 2018, 53 sider

Terje Holtet Larsen

Hjemløsheten

Lese, skrive 2

Forlaget Oktober 2018, 196 sider

Slik, må ein kunne hevde, fungerer seriens to fyrste bøker også som ei underbygging av Forlaget Oktober sin profil (reell eller oppfatta; også dette forlaget har sine plottdrivne svin på skogen).

Aanestad har skrive eit luftig essay som gjev glimt inn i ein skriveprosess som nærmast vert skildra som ei sjølvstendig kraft: «Iblant verkar det som om eg har bygd ein maskin i brystet som lagar romanprosa. Han er langsamt arbeidande, han er avhengig av at hovudet tenker og at handa skriv, men når han først er i gang, kan sjølv den minste plastbit på asfalten smeltast om til tekst.» Boka har noko tilsynelatande lett over seg, der avsnitta sviv frå Aannestads framtenking av romankarakterar til scener frå eit vårleg skriveopphald til nedslag i anna litteratur – Anne Carson, Cora Sandel, Sei Shonagon.

Men, som ho skriv, «å skapa noko som ikkje finst i verda frå før, krev ein hard, klar vilje. Til form.» Den korte teksten er strukturert i samsvar med korleis Aanestad skildrar sin tilnærming til romanen, som handlar om å skape «eit rom der tanken kan få strekka seg». Mange av innsiktene som vert formulert, er gode – om tilnærminga til ein heilskap ein ikkje kjenner til, om ikkje-kunnskap som noko større enn kunnskap – og eg vil passe meg for å avfeie noko som partikulært, eller setje det opp som ein enkel motsetnad til det «ålmenne». Det er likevel klart at Aanestads tilnærming avkortar tekstens radius ein god del.

«Hjemløsheten» er på si side eit stramt komponert lang­essay, nesten fire gonger lengre enn «Hva hender i romanen», og med monaleg lengre fangermer inn i litteraturhistoria og litteraturkritikken. Larsen tvinnar trådar av personlege minne saman med drøftingar om sanning og løgn, røynd og fiksjon i romanen, samt lesingar av forfattarskap som ligg til grunn for hans eigen: «Litteratur fordrer litteratur», som han skriv. Bokas tittel speler på konkrete erfaringar frå forfattarens barndom, som i vaksen alder formulerte seg i det han kallar sitt «ingen­stederingenting»: ei kjensle av «å være født utenfor virkeligheten, virkeligheten da definert som den felles erfaringen de fleste deler og mer eller mindre tar for gitt». Fanga i essay-format opnar ho for refleksjonar kring tilhøvet mellom det verkelege livet og det som utspeler seg i romanen, som ligg langt unna dei siste åras avisdebattar om fiksjonens meir eller mindre verkelege førelegg.

Larsen er interessert i moglegheitene den sjølvbiografiske romanen byr på til å «gi en illusjon av at man bryter ut av fiksjonen og uforfalsket gjengir sannheten om sin liv» – postmoderne problem­stillingar, kan ein nesten seie, idet det sjølvbiografiske vert «et forsøk på å la livet gå opp i språk».

Heller enn å drøfte norske samtidsromanar lener han seg på forfattarar som Proust, Borges, Céline og Bachmann, ein kjærkomen demonstrasjon av det ofte gjentekne poenget om den oppdikta sjølvbiografiens lange aner. Innflettinga av eigen biografi vert til ein demonstrasjon av korleis slike element faktisk kan generere ei større sanning – som ein direkte motsats til det som måtte finnast av umotivert navlestir. Innimellom bikkar rett nok forfattarens blikk på omverda over i ein samtidskritikk som er meir keisamt føreseieleg enn den er skarpsynt, oftast filtrert gjennom ei djupfesta middelklasseforakt. Jamt over er det likevel solid, til tider glimrande intellektuelt handverk.

Lest saman er «Kva hender i romanen» og «Hjemløsheten» altså slett ingen dårleg start på ein essayserie, og spesielt sistnemnde er eit sterkt bidrag til eit litterært ord­skifte.

Om Oktober har vald det mest fortenestefulle temaet for ei heil utgjevingsrekke, er ein annan sak, og her er eg framleis ikkje heilt overtydd; det finst tekstar om andre tema enn lesing og skriving som står i større fare for ikkje å bli skrivne, for å seie det slik.

bokmagasinet@klassekampen.no

Lørdag 30. juni 2018
Fragmentert: Andrzej Tichýs fremragende «Kairos» skildrer ensomhet, terror og muligheten for revolt i moderne samfunn.
Lørdag 23. juni 2018
Norsk syke? Øystein Noreng er kritisk til Norges næringspolitikk og petroleumsøkonomi.
Lørdag 16. juni 2018
Arbeiderpartiet: Partisekretæren vurderer Gerhardsen av i dag.
Lørdag 9. juni 2018
Demokrati: Magnus E. Marsdal undersøker den forestilte motsetningen mellom frihet og likhet, i Norge og i USA.
Lørdag 2. juni 2018
Samtidssatire: Virginie Despentes analyserer dagens tidsånd med en falmet platebutikkinnehaver fra generasjon X som linse.
Lørdag 26. mai 2018
Tilpasning: Juli Zeh trekker opp et stort moralsk og politisk lerret, men romanen går ikke dypt nok inn i hovedpersonens psykologi.
Lørdag 19. mai 2018
Ujålete: Oda Malmin skriv om korleis sams tap kan binde saman.
Lørdag 12. mai 2018
Utforskar: Bøkene til Ingrid Z. Aanestad og Terje Holtet Larsen om lesing og skriving understrekar forlaget sin litterære profil.
Lørdag 5. mai 2018
Rød: Lerstangs brak av en bok framhever fellesskap og samhold.
Lørdag 28. april 2018
Skulpturelt: Roy Jacobsens essay om moren og Vigelandsanlegget er høydepunktet i en sterk antologi om offentlig kunst.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk