Klassekampen.no
Fredag 11. mai 2018
Luftambulansekrisa er som ei lærebok i høgrepolitikk.
Det fjerde beste

«Det vinnende tilbudet er rangert som nr. 4 på kvalitet. Dette skyldes primært at tilbudt beredskap er lavest med færre piloter og færre reservefly enn konkurrerende tilbud. Den prismessige fordelen mer enn oppveier den reduserte kvaliteten.»

Dei som interesserer seg for anbodspresset for å svekkje offentleg velferd, bør henge dette sitatet i glas og ramme. Tydelegare går det ikkje an å formulere prinsippet for kva som er viktigast: Pris trumfar kvalitet. Den som tilbyr lågast kvalitet, blir vinnaren, fordi den låge prisen «mer enn oppveier» manglande kvalitet.

Formuleringane er henta frå avgjerda i helseføretaket Luft­ambulansetjenesten HF, som vart oppretta av dei fire regionale helseføretaka i fjor, om å gje det svensk-britiske selskapet Babcock Scandinavian Airambulance (SAA) tilslaget for å drive den norske luftambulansetenesta frå 2019 til 2030. Kontrakten er på 2,6 milliardar kroner.

Direktør Øyvind Juell i helseføretaket meiner at «nytenking om løn og arbeidsvilkår» må til, men kva er nytt med dumping av løn og pensjon for å vinne anbod? «Vi går ikke ned i lønn eller pensjon og vil ikke akseptere lengre arbeids­dager for å møte framtidas arbeidsliv. Den tida vi sto med lua i hånda nederst ved bordet, så ned i gulvet og la frem våre krav er forbi. Synd at blårussen i Helse Nord ikke har fått dette med seg», skriv distriktssekretær Bjørn Johansen i LO Finnmark.

Dette handlar altså ikkje om anbod for levering av frukt og grønt til, la oss seie, Helse Nord eller Helse- og omsorgsdepartementet. Det gjeld livsviktig helseberedskap for folk som bur langt frå sjukehus. Det er skalting og valting med høgt spesialisert mannskap som reddar liv med ambulansefly, under forhold som er blant dei mest krevande i flybransjen. Det bryt ned kompetansen og kontinuiteten frå 25 års drift med det utkonkurrerte selskapet Lufttransport, og ikkje minst det finstemte samarbeidet mellom fly- og helsepersonell.

Dette har ført til ei akutt beredskapskrise, fordi ein stor del av ambulanseflya står på bakken på grunn av pilotmangel, og til stor helsepolitisk uro. Dersom Kristeleg Folkeparti sluttar seg til, er det fleirtal i Stortinget for å be regjeringa oppheve anbodet med Babcock og nullstille prosessen.

Dette gjer tilsynelatande ikkje inntrykk på Høgres helseminister Bent Høie, som i Stortinget onsdag var ubøyeleg under eit stormløp frå opposisjonen. Prosessen har vore etter boka, avtalen med Babcock er lovleg og kan ikkje rokkast ved. Situasjonen er rett nok «krevande», men beredskapen i nord blir halden oppe ved hjelp av heli­kopter frå Forsvaret!

Som salt i suppa kjem farsen som Dagens Næringsliv og Nordlys har skildra, om korleis styreleiar Marianne Telle i Helse Nord også er leiar av rekrutteringsselskapet Bedriftskompetanse – som har jobba med å hyre pilotar og anna personell til Babcock.

Onsdag vart dette samarbeidet brått avslutta. Avgjerda er eit verdig monument over ein sump av inhabilitet og ureint trav på toppen av det overbetalte helsebyråkratiet.

Vi ser ei lenge varsla krise. Fem røynde ambulanselegar og leiarar ved Akuttmedisinsk klinikk ved Universitetssjukehuset Nord-Norge har laga ein instruktiv gjennomgang av kronologien i saka, som viser korleis Høie har vore fôra med mangelfull informasjon av helsetoppane i nord, publisert i Nordlys.

Det kan koste mykje å oppheve anbodet og førebu offentleg overtaking av luftambulanse­tenesta. Men «store penger finnes når blemmene er store nok – som med Stortingets milliardutbygging», påpeikar legane i Tromsø.

alfs@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 15. mai 2018 kl. 10.30

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk