Klassekampen.no
Onsdag 9. mai 2018
Skrivar du dette feil, kjem ikkje retteprogrammet til å redde deg.
Blanda drops
EL-SYKKEL: Her eit tidleg eksemplar.

Ingen månad er så prega av kunnskapsprøving som mai. Her kjem eit bidrag til eldre som ofte er rådgjevarar, og til yngre som er utøvarar.

Først -ning og -ing: -ing fortel om handling, -ning om resultat av handling. Det er prinsipiell skilnad på bygging og bygning, kryssing og krysning, rydding og rydning. Det er reinspikka tøv når avisene skriv «verdiskapning» om verdiskaping. Skapning er produkt. Avisene bør òg skriva om etterforsking når politiet arbeider med ei sak; ein får vona politiet jobbar. Og dei unge bør driva lesing, ikkje «lesning»!

«De mista livene deres» har to frekvente og stygge feilar. Det er unorsk, men engelsk, å skriva ‘livene’. Det heiter de mista livet, eintal. Endå grovare er «deres». Det er bom å skriva «de unge tenker annerledes enn deres besteforeldre». Det skal vera «sine». «Lærerne endra deres oppførsel» og «lærerne endra sin oppførsel» betyr to forskjellige ting. «Sin» viser alltid til subjektet, her «lærerne».

Språka ute i Europa manglar dette systemet. Engelsk «he loved his wife» betyr enten «han elska kona si» eller «han elska kona hans». Engelsktalande er like opptekne av skilnaden som me er. Men dei må ta i bruk fleire ord!

Altfor eller alt for? Det første forsterkar, «dette er altfor mykje». Det andre har me i «å gjera alt for deg». Norsk har mange slike ordpar: overalt (stad) – over alt (prioritet), ettersom (årsak) – etter som (tid), utover (stad) – ut over (rørsle).

Enda forsterkar. «Du er enda raskere enn meg». Ennå handlar om tid. «Det fins ennå muligheter». Rundt bør brukast om noko rundt. Vekk med «refleksjon rundt et spørsmål», «bevissthet rundt islam», «betenkelighet rundt igangsetting»! Ha refleksjon over, bevissthet om, betenkelighet med. Preposisjonar har meining!

Bruk bindestrek når e er «elektronisk» og el er «elektrisk»; altså e-post og el-sykkel. Viss ikkje må du heile tida vurdera. Det er tungvint. Elskvett er noko anna enn el-skvett, eldrift noko anna enn el-drift.

Ingen persontittel skal ha stor bokstav. Stor bokstav handlar ikkje om kor viktig noko er, det handlar om namn. Verken staten, statsministeren, samfunnet, styret, finanskomiteen, dronninga er namn. Aldri stor bokstav! Men Stortinget og Folkemuseet skal ha det; dei er namn. Offentlege namn som består av meir enn eitt ord, skal berre ha ein stor bokstav – i første ordet. Så me skal skriva Helse nord, Skatt vest, Statistisk sentralbyrå, Barne- og familiedepartementet.

Kommareglane er få og lett tilgjengelege. Men dei må lærast og praktiserast!

Hugs at retteprogrammet ikkje rettar slikt me har skrive om her. I røynda er programmet utan særleg nytte når det gjeld å retta feilar. Ta pronomenet som, som alltid skal peika tilbake til siste substantiv (eller pronomen). «Han hadde et forhold til ei dame som sprakk» går ikkje bra. Infinitivskonstruksjonar kan føra gale i veg: «Etter å ha ligget under vann et år solgte eieren båten».

Ein må rett og slett passa på å skriva det ein ønskjer å skriva. Lukke til, eldre og yngre!

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Stor bokstav handlar ikkje om kor viktig noko er»

Artikkelen er oppdatert: 15. mai 2018 kl. 10.40
Onsdag 9. mai 2018
Ingen månad er så prega av kunnskapsprøving som mai. Her kjem eit bidrag til eldre som ofte er rådgjevarar, og til yngre som er utøvarar.Først -ning og -ing: -ing fortel om handling,...
Onsdag 2. mai 2018
Den 1. mai byrja i 1889. Og rørsla, die Bewegung, the movement, le mouvement har halde seg. Fordi mange nok stiller opp. Men eg melder eit sakn: Eitt ord var mykje fråverande i talane i går,...
Onsdag 25. april 2018
«Wara for Listhaug» var Klassekampens kreative overskrift i byrjinga av månaden. Den nye ministeren kom som vara for den tidlegare ministeren... Ein desktiar og blink me ikkje ser kvar dag. Etternamnet til...
Onsdag 18. april 2018
Aker og Acer, fru Blom? Acer er, dessverre, i ferd med å bli eit av årets ord. Kva tyder det eigentleg, dette som også går under omtalen «den tredje...
Onsdag 11. april 2018
Livet vaknar i april. Latin aprilis er «den som opnar (året)», opplyser norske ordbøker. Den autoritative franske Grand Robert skriv derimot at april har kome frå gresk
Onsdag 4. april 2018
Turid Farestvedt (og nokre til) lurer på dette med aksentar. Ho ser eg skriv òg (også), for å skilja det frå bindeordet og. Uttalen er jo den same – /åg/. Eit betimeleg spørsmål.
Onsdag 28. mars 2018
Eg vil på ingen måte vera respektlaus i påskeveka. Men det er så mykje påskestoff i dei fleste aviser at eg i dag vel å skriva om noko så aktualitetsuavhengig som ‘skål’. Eg presiserer igjen, for å møta all eventuell...
Onsdag 21. mars 2018
Ein vaken lesar, Tore Været, gjorde merksam på at i same nummer av Klassekampen som eg skreiv om forleddstilknyting, stod det, tre sider lenger bak, om ferjefri E39 på Vestlandet. SV ville slå eit slag for

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk