Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vestlandet

  • Det er berre å innrømme det: Vi som ikkje kjem frå Vestlandet, kjem aldri til å forstå denne sjølvmotseiinga av ein landslut. Nyrike småbrukarar, isolerte verdsborgarar, sjølvstendige flokkdyr: Vestlendingen er ikkje lett å bli klok på. Og prøver du å spørje deg føre, får du som regel eit svar som kan tolkast både hit og dit. Så står du der og ser ut som den tosken av ein austlending du er, medan vestlendingen flirer godt og tener seg ein ny million på noko han driv med borti fjorden.