Klassekampen.no
Mandag 7. mai 2018
BERRE EI KVINNE? Partileiar, minister, folketalar. Det spelar ingen rolle for dei som sende meldinga til Liv Signe Navarsete. Her med Trygve Slagsvold Vedum og Ola Borten Moe i 2013. FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN, NTB SCANPIX
Folk køar for å fortelje at fyllemeldinga frå Åre ikkje er interessant. Kvifor?
Den meldinga

Viss du ikkje allereie har bladd vidare til side 4, er du av dei som ikkje har fått nok av Liv Signe-meldinga. No står folk av begge kjønn i kø for å formidle til allmenta at dei ikkje synest fylle­meldinga frå Åre er noko interessant, at saka har pågått altfor lenge, og at vi her oppe er så heldige at vi berre har i-landsproblem. Som alltid når folk bruker tid og retorisk energi på å fortelje at noko ikkje er interessant, undrast ein over korfor dei likevel gjer det.

Sjølve meldinga har kome bort i mediemerksemda, men ho er retorisk metta med innhald. «Vi har lyst på fitta di», altså. Avsendaren er mann, eller mellom éin og ti menn, mottakaren er ei kvinne som er noko eldre enn mennene. Det mannlege subjektet i setninga er i fleirtal, det kvinnelege objektet er i eintal. Tenk deg den alternative setninga «Eg har lyst på fitta di». Denne setninga kan seiast fram kjærleg og intimt frå ein mann eller ei kvinne i ein erotisk situasjon, og eventuelt framkalle glede. Svaret kan vere alt frå «Ja» og «Ver så god» til «Åh …». Den same setninga kan sjølvsagt også vere eit trugsmål, eller inngangen til eit overgrep, og framkalle vemjing, sinne, redsle, og avvising. Men i begge tilfelle er talet på subjekt og objekt likt.

I meldingssetninga er fitta bokstavleg tala overmanna av subjektet. Objektet, innehavaren av fitta, blir fråteken den mogelegheita for nyting som ligg i «Eg har lyst på fitta di». Setninga er i seg sjølv ei form for verbal valdtekt. Dette kan vere éin grunn til at mange opplever den så sterkt, og som så krenkande. Det bør vere lett å skjøne at dette viet aktualiserer angst for eit anonymt kollektiv av fysisk større og sterkare menn som er programmerte til å forsyne seg av kvinnekroppar utan å bry seg altfor mykje om kva kvinna sjølv vil.

Det direkte objektet i setninga er ikkje «fitta di», men «lyst». «Fitta di» er her adverbial, altså eit slags indirekte objekt i ein preposisjonsfrase med «på». Subjektets to til ti menn har altså ikkje fitte, dei har lyst på fitte, i dette tilfellet éi bestemt fitte, og den ønskjer dei saman. Da er vi i nærleiken av ein annan sterk stereotypi her som gir setninga ein gjenkjenningsfaktor, denne gongen kanskje mest for menn. Det beste ved sex, blir det av og til sagt, er at du kan snakke om det etterpå. Eller før. Eller for all del i staden for. Den gjensidige stimuleringa i homososiale kontekstar kan vere vel så tilfredsstillande som eit knull. Men slikt skal sjølvsagt ikkje leke ut i det offentlege rommet. Det kan jo hende at meldinga vart skriven av éin person i løynd, og at «vi»-et var reint kongeleg, eller at éin mann skreiv på vegner av veldig mange, men dersom meldinga vart skriven i tekstleg fellesskap slik «vi»-et legg opp til, er den faktiske nytinga lokalisert i den lysta som dei deler, og ikkje i den fitta dei gir seg ut for å drøyme om.

Det tredje interessante punktet i meldinga er sjølvsagt fitta, det indirekte objektet. Liv Signe Navarsete har tolka meldinga slik at forfattarane har villa kommunisere at ho «er ein drit, og har alltid vore ein drit», som ho sa til NRK. Dette trur eg er feil. Det avsendarane nok har meint å fortelje, er at dei meiner at Liv Signe er ei fitte. Ikkje at ho har ei fitte, det er vel nokså opplagt, men at ho ikkje er noko anna enn fitta si. Ho kan vere så mykje tidlegare partileiar, kommunal- og regionalminister, samferdsleminister, stortingspolitikar, mor, energisk og ordhag folketalar, og alt ho elles er, som ho berre vil. For avsendarane kan ho reduserast til éin enkel dimensjon fordi ho er kvinne, og det er fitte.

Sjølvsagt kan menn ein ikkje liker, bli omtala som «kuk». I motsetning til «fitte» kan «kuk» derimot også uttrykkje noko i nærleiken av beundring. Grunnen er enkel. Vi lever i eit samfunn der heteroseksuelt samleie framleis blir forstått som ein prosess der ein aktiv penis penetrerer ein passiv vagina, og ikkje der kvinna «omslutter deg med mitt glinsende skjød», som Mia Berner så vakkert skreiv i diktet «Forførelse». Å vere ei fitte er altså å bli redusert til statusen som reint, ikkjehandlande objekt. Slik sett har Liv Signe heilt rett når ho seier at ho tek kampen på vegner av heile jentelaget. Ho, og alle kvinner, er blitt utsette for den vanlegaste stereotypien i eit samfunn der likestillinga frå tid til anna, ved harde nevrologiske punkt, avslører seg som livsløgn.

Dermed blir denne saka heller ikkje gløymd så raskt som somme gjerne vil, trur eg.

stephen.j.walton@usn.no

Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Kristina Leganger Iversen og Sumaya Jirde Ali skriv i Klassekampen måndagar.

Artikkelen er oppdatert: 15. mai 2018 kl. 10.51

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk