Klassekampen.no
Egenmelding:

Egenmelding

Siste kulturoppleving: Spelet om inn­vandrarane i fjor. Eg har sjølv spelt Huldra ein gong. Då sat eg med barnebarnet mitt på fanget. Ho blei heilt bergtatt av Huldra.

Les dagleg: Eg les veldig mykje og alltid på senga. Politikk, men også bonderomantiske bøker frå 1800-talet.

Ditt lydspor: Alt frå hardrock til klassisk.

Politisk enkeltsak: Alt rundt rovdyr. Det er eksistensielle spørsmål for meg. Men også kvinnehelse.

Forbilde: Wangari Maathai.

Kva trur du på: Eg har utfordringar med å få tak i Jesus-skikkelsen. Men eg trur det er noko meir mellom himmel og jord.

Kva er det verste du veit: Likegyldigheit

Kva er det folk ikkje veit om deg: At eg skriv ein del dikt.

No begynner eg å grina, seier ho.

Merete Furuberg sit i stova heime på familiegarden og fortel om livet sitt. Det har vore tungt mange gongar, men iblant har det vore tyngre. På starten av 2000-talet fekk ho kreft og var eitt heilt år på Radiumhospitalet i Oslo. Ikkje lenge etter døydde far hennar og begge svigerforeldra med korte mellomrom, ekteskapet tok slutt, og ho blei aleinebonde.

– Dei fyrste åra etter eg blei aleine, arbeidde eg så mykje at når eg ser på det i ettertid, er det utruleg at eg greidde det. Det er kanskje det eg er mest stolt av i dag.

Dottera var ti og sonen femten det året ho låg på Radiumhospitalet.

Då ho sat att aleine på garden nokre år seinare, var sonen ferdig med vidaregåande skule og jobba mykje heime.

– Han fekk altfor mykje ansvar i ung alder. Huff, no grin eg igjen. Eg hadde ikkje greidd det utan son min – og dottera mi, seier ho.

Avskrekka vart dei likevel ikkje. Om ikkje lenge skal sonen ta over garden.

– Du tenkte aldri på å legga ned og flytta?

– Nei, det tenkte eg aldri på.

– Hadde du blitt lei deg dersom ingen av barna dine ville tatt over garden?

– Eg hadde ikkje vist det.

Ein grusveg fører fram til Furuberget. «Du er nå i et EU-land», melder mobiloperatøren der vegen sluttar, på tunet til Merete Furuberg, leiaren av Norsk Bonde- og Småbrukarlag og tidlegare nestleiar i Nei til EU.

Fakta:
Merete Furuberg

Alder: 63.

Sivilstatus: Einsleg. To barn, og eitt barnebarn.

Bakgrunn: Forskar, politikar (Senter­partiet), nestleiar i KS, nestleiar i Nei til EU. Har sete i styret til Innovasjon Norge. Leiar for Norsk Bonde- og Småbrukarlag sidan 2010.

Aktuell med: Jordbruksoppgjeret, som skal vera ferdig innan 15. mai.

Me er i hjarte av Finnskogen, på grensa mellom Norge og Sverige, norsk side, 369 meter over havet, drygt to timar frå hovudstaden.

Røtene til forfedrane som inn­vandra frå Finland, er sterke.

– Tippoldemora mi er norsk, elles er det reint blod. Du er midt i det skogfinske området no, seier Furuberg.

Ho har dekt på bordet med kvitveis i ein liten vase, tent stearinlys og sett fram heimelaga formkake. Eit digert utstoppa elghovud, skogens konge, stirar på oss frå ei vogge i andre enden av stova. Inntil vidare står det der og ventar på at eit av dei mange bygningane på garden blir restaurert.

Furuberg byr på te og pulverkaffi og fortel om drifta og utviklinga av eigedommen som i dag har sau, geit, gris, høner, kanin, litt grønsaker, og 3000 dekar skog.

Det var på midten av 1600-talet og utover 1700-talet fattigfolk frå særleg Savolax, eit skogrikt område aust i Finland, la på veg vestover og slo seg ned i skogane på grensa mellom Sverige og Norge. Kor mange her som i dag slektar etter dei finske inn­vandrarane, veit ikkje Furuberg.

Ho har mange gode minne frå oppveksten på garden med dyra. Ho likte dyra og naturen. Men ho minnest også mobbing. Finnjenta, blei ho kalla innimellom. På folkemunne blei det sagt at skogfinnane både kunne trolla og stoppa blod. Ikkje før Furuberg var seint i tenåra begynte skogfinnane å få aksept for kulturen sin frå stor­samfunnet.

– Eg gløymer itte då eg kom på gymnaset. Mattelæraren, ein eldre herre, hadde lyst å presentera oss. Då eg som 16-åring fortalde at eg var frå Finnskogen, kommenterte han at der var det innavl og at eg var dum, seier ho.

Sjølvsagt var det vondt å høyra slikt, men ho utvikla ein metode for å slå tilbake.

– Læraren var årsaka til at eg fekk toppkarakter i matte. Her skulle eg bevisa at eg ikkje var dum i hovudet. Det var ein del mobbing. Eg har opplevd det. Eg brukar dette som eksempel, seier ho.

I 1998 fekk skogfinnane status som nasjonal minoritet i Norge, saman med kvenar, rom, romani og jødar. Furuberg har jobba mykje med finnekultur opp gjennom åra. Kvar sommar proklamerer dei seg for eigen republikk, under Finnskogdagane.

– Eg har sjølv vore både kultur­minister og landbruksminister i republikken. Som landbruksminister innførte eg streng bu- og driveplikt, og kjøpsplikt på butikken, seier ho.

På eit gamalt bilde har Furuberg langt mørkt hår, er veltrena og sit smilande på ei trapp i ny bunad.

– Mamma spurte om eg ville ha Solør-bunad då eg skulle stå konfirmant, men eg var så bevisst på at bunaden skulle vera ekte og frå der du kjem frå. Eg sa at eg ikkje kunne ha på meg ein bunad som ikkje var for folket mitt, seier ho.

Forfattaren Åsta Holth, som utover eit rikt forfattarskap, med fleire romanar om skogfinnar, utvikla ein eigen bunad.

– Då eg var 18, var bunaden ferdig. Det er den desidert fyrste som blei laga. Eg er i slekt i Åsta Holth, og ho brukte meg som modell. Etter å ha født to barn og blitt 63 har kroppen est ut litt. No juksar eg, tar opninga som eigentleg er i sida på framme, bind han saman med eit snøre og legg forkle over. Mamma har vove forkle mitt, og veldig mange av forklea til bunaden, og også nokre av stakkane, seier Furuberg.

Mor hennar lever framleis, og bur i andre enden av huset, 88 år gammal.

Motstanden Furuberg møtte då ho var ung, gjorde at ho sette seg skyhøge mål på fleire arenaer. Ho skulle ha toppkarakterar i alle fag og bli den beste junioren i landet i langrenn. Men ein novemberdag eit halvår etter ho var ferdig med gymnaset, sa det stopp. Ho bestemte seg for å legga langrennskarrieren på hylla og ikkje ta høgare utdanning. Ho flykta inn i skogen.

– Eg søkte og kom inn på Statens praktiske skogskole. Eg hogde mykje tømmer, fortel ho.

Etter eitt år med praktisk arbeid på skogsskulen tok ho ein lærarjobb i Sulitjelma i Nordland.

– Der var gruvene i drift, og det var ikkje eitt tre å sjå. Det var då eg etter kvart begynte å tenka at eg trengde noko meir fagleg utfordrande.

Furuberg gjekk i gang med det som skulle bli ein forskarkarriere med skogen som forskingsfelt, på Ås i Akershus. Ho kan i dag visa til ein fyldig CV med blant anna to mastergradar, ein doktorgrad og ein internasjonal forskarpris. Ho har arbeidd i alle verdsdelar, som samla har gitt lange opphald i utlandet.

Målet for doktorgradsarbeidet var å utvikla ein ny og betre metode for å finna ut kva faktorar som påverkar produktiviteten når tømmeret skal transporterast frå stubbe til skogs­bilvegen. Ho konkluderte blant anna med at sjølv med teknisk avanserte lastetraktorar, er den menneskelege kompetansen ein avgjerande faktor. Forskinga fekk konsekvensar.

– På grunn av dette blei det viktig med opplæring av maskinførarar.

Ho hadde eit enormt datamateriale.

– Eg hadde ni tilsette som eg var prosjektleiar for og som var utstasjonert fleire stadar i landet, som stod med stoppeklokke og skreiv, fortel ho.

Furuberg er ikkje nådig med teknikken mange norske bønder har trygt til brystet. Mjølkeroboten.

– Det er nesten som eit lite sjokk å sjå at norsk jordbruk sluker den idiotiske, altfor dyre, all for store, all for gammaldagse mjølkeroboten. Når me klarer å gå på månen, må me klara å utvikla ein framtidsretta mjølkerobot, seier ho.

Ho tenker seg om, før ho svarar på spørsmålet om ho er feminist.

– Grøn feminist, seier ho.

Ho har stått i likestillingskampar både innanfor akademia og idretten. Ho var blant damene som kledde seg ut som mann for å få stilla til start i Birkebeinarrennet.

På 1980-talet var ho med å stifta organisasjonen Kvinner i skogbruket for å bana veg for fleire kvinner, men så seint som i 1996 blei ho møtt med eit forbod mot at kvinner kunne bruka motorsag under eit forskingsopphald i Slovakia.

Furuberg er fyrste kvinne med doktorgrad i skogforsking i Norge, og innanfor feltet skogbrukets drifts­teknikk var ho den fyrste kvinna internasjonalt med doktorgrad. Motstand var det nok av.

«Forsker mobbet på jobben», skreiv VG 19. juli 1990. Furuberg var 35 år og hadde søkt på eit professorat i skogbrukets driftsteknikk. Då fekk ho fleire anonyme brev, der det blant anna stod «jenter + teknikk = ikke sant», skreiv VG. Fleire av dei ville i dag blitt kalla seksuell trakassering.

Furuberg varsla leiinga, som tok saka alvorleg og melde frå til politiet.

I dag vil ho ikkje gå konkret inn på kva ho som kvinnepioner opplevde i skogbruksforskinga, men seier at det var graverande.

– Eg har spart det fordi eg lurte på om eg skulle skriva bok om likestillinga i norsk skogbruk når eg blei pensjonist, men eg veit ikkje om eg prioriterer det. Men skal eg vera open og ærleg, så er det barnemat det som kjem fram i politikken i dag, sjølv om det er alvorleg nok, samanlikna med det materialet nokre av oss har frå skogforskinga, seier ho.

I politikken, derimot, har Furuberg aldri møtt hinder som kvinne. I 18 år var ho lokal- og fylkespolitikar for Senterpartiet.

Ulv, bjørn, jerv og gaupe. Furuberget ligg midt i eit ulverevir i ulvesona. 28. juni 2004 var Furuberg med studentar i Tanzania då ho fekk telefon om å komma seg heim. Då var mange av sauene og lamma tatt av ulv og dei som var i live, måtte reddast heim.

Rovdyrdebatten er eit anna minefelt der Furuberg har fått trugslar frå anonyme avsendarar. Politiet har blitt kopla inn.

– Ein gong opplevde eg at ei av skogsbrakkene mine var velta. Under var det ein liten lapp om at dei skulle gjera verre ting med meg om ikkje eg gav meg med rovdyrpolitiske uttalar og sau. Eg tenkte at dette skal eg heller ikkje la meg underkua av og tok brakka heim. No bruker eg ho til dei fyrste hønene, seier Furuberg.

– Kva tenker du om fiendskapen og aggresjonen du møter frå mot­standarane i rovdyrdebatten?

– Det er veldig vondt, for kva gale gjer me? Me vil ikkje anna enn å driva på den mest miljøvennlege og dyrevennlege driftsmåten, seier ho.

Det var ikkje gitt at Furuberg skulle bli leiar for Norsk Bonde- og Småbrukarlag i 2010. Furuberg hadde reist til landsmøtet for å halda helsingstale som nestleiar i Nei til EU. Ein samrøystes valkomité hadde innstilt på attval, men kvelden før valet jobba fleire av delegasjonane i kulissene.

– Eg hadde tatt av meg bunaden etter festmiddagen då den eine delegasjonen etter den andre kom på rommet mitt og fortalde ting som gjorde at eg skjønte at eg burde vera med på å gjera ein innsats.

Etter fire–fem timar sa ho ja.

– Eg oppfatta at eg fekk to oppdrag. Å opptre på ein måte slik at Norsk Bonde- og Småbrukarlag ikkje blei splitta, og gjera laget meir synleg, seier ho.

Fleire av delegatane meinte det var stygt å kasta den sittande leiaren. Furuberg blei vald med eit knapt fleirtal i ryggen.

Blant sakene Furuberg nyleg har fronta, er alliansebygging med andre krefter i samfunnet. Før 1. mai i år oppmoda ho bønder til å gå i tog.

– Det er så viktig at me bønder bygger alliansar med LO og alle dei som går i tog. Når arbeidsfolk i bygd og by går saman med bønder og småbrukarar, det er då politikken blir endra og samfunnet betre, seier ho.

Dei fire siste åra har Furuberg hatt hjelp frå ein slovakisk familie på garden.

– Eg var så heldig at foreldra til siste praktikanten flytta hit. No bur heile familien i eit av husa på garden. Dei er englane mine. Dei er enormt flinke med dyra og grønsakene.

Ho har store visjonar for garden på Furuberget.

– Eg har som mål at heile eigedommen skal vera utstillingsvindauge for politikken til Småbrukarlaget. Det er derfor eg satsar så mykje på lokalmat.

– Du er ikkje redd for at dine visjonar skal gå på tvers av visjonane til son din?

– Nei, det klargjer me. Han får bestemma.

– Det er ikkje heilt uvanleg med generasjonsstridar på gardar.

– Absolutt ikkje, men eg er heilt sikker på at me skal klara det. Viss han skulle seia, nei, no mamma er du så umogleg, du må dra, då har eg jo utdanninga. Om eg i så høg alder ikkje kan få fast stilling, kan eg søka eit prosjekt. Så nei, det er eg ikkje redd for. Eg er meir redd for at eg ikkje skal klara å prioritera rett.

– Er du redd for å døy?

– Nei, eigentleg ikkje. Men eg skal ikkje døy enno. Dei to siste slektningane som det har vore gravferd for, har vore 100-åringar. Eg skal bli eldgammal, seier ho.

Det var under jordbruks­forhandlingane i 2016 Furuberg fekk vita at kreften var tilbake. Ho er i dag frisk, men totalt har ho vore gjennom ganske mange operasjonar, cellegiftkurar og strålebehandlingar.

Ho har vore open om kreftsjauen, som ho kallar det, og stilt opp i kampanjar for at andre kvinner skal ta celleprøver.

Det var tanken på å ikkje sjå barnebarnet veksa opp, som var det vondaste då det blei påvist kreft for tredje gong.

– No er eg kreftfri og mykje sterkare. For kvar kreftoperasjon blir eg sterkare psykisk. Og no når eg innser at eg har fylt 63, tenker eg på korleis eg skal prioritera dei siste åra.

– Har du funne kjærleiken igjen?

– Ja, men han er no svært alvorleg sjuk. Så sjølv om eg har englane mine til å hjelpa meg på garden, har eg ingen å lena skuldra mi på.

annekarih@klassekampen.no

johntrygvet@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 15. mai 2018 kl. 12.57

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk