I kvar by er det ein ny. I London var det Winston. I Oslo hadde eg Knut Arild. Her eg bur no, er det Horst som tek meg med overalt. Eg kjøpte han då eg var litt småfull etter eit par etter-jobbpils. Det var mørkt ute, og berre dei færraste gatelyktene virka. Horst stod lent inn mot veggen i eit hjørne. Eg synes han var fin, men igjen: Eg var småfull. Som den tillitsfulle personen eg er, stolte eg på selgaren som sa at Horst var eit varp. Uansett var eg så lei av å gå rundt åleine, og avstandane her i Berlin er så store. Utan ein som Horst hadde det vore både trist og slitsamt.
Akkurat nå
Horst