Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ut på tur

  • Den absolutt raraste nyhenda som kom denne veka, var den om at 12 Frp-arar måndag kveld sette seg i ein buss for å oppleve Groruddalen. Frå Tveita køyrde bussen ifølgje Dagbladet vidare til Kalbakken, opp Riksveg 4, til Stovner, over til Vestli og tilbake til Stovner før kvelden var slutt. Bakgrunnen er alvorleg nok: Gjengkriminaliteten ser ut til å auke. Folk føler seg ikkje trygge. Ingenting er betre enn om politikarane tek det på alvor. Men på denne måten?