Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Øyrets poesi: Kjartan Fløgstad har samla den songbare lyrikken sin til ei bok med brukskunst av beste sort.

Songliner

A SONG & DANCE MAN: I Kjartan Fløgstad si nye songbok kan vi følgje femti år med musikalsk lyrikkproduksjon, komplett med notar og besifring. Tidlegare i vår var han med i danseforestillinga «Forfatterbevegelsen». FOTO: TOM HENNING BRATLIE

Det er mykje som er ròte i Svenska Akademien om dagen, men at songpoeten Bob Dylan fekk Nobels litteraturpris i 2016 var ikkje eit forvarsel om det. Prisen var ikkje berre ein pris til Dylan, men også til ei litterær uttrykksform med sine heilt eigne rom å fange menneskeleg erfaring og erkjenning i. Songlyrikken kan sjølvsagt ikkje rivast laus frå musikken, men er like fullt lyrikk i opphavleg forstand – det er «en örats poesi», som Sara Danius sa etter utdelinga.