Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det er 150 år sidan Det Norske Samlaget blei skipa, m ed ei målsetting om å få nynorske bøker ut til folket:

150 år og framleis rampete

GULLALDER: På 1960- og 1970-talet blei Samlaget eit stort forlag, også skjønn litterært. Her er (frå venstre) Einar Økland, Hartvig Kiran og Åse Marie Nesse under presentasjonen av haustlista i 1973. FOTO: NTB SCANPIX

Halvtanna hundreår med Samlaget har bidrege til eit romslegare og meir mangfaldig Noreg, meiner direktør Edmund Austigard.

Seint i mars 1868 kunne ein lese i avisa Dølen om eit «fjølment møte av menn i ymse aldrar og livsvilkor» som hadde funne stad i den mindre salen i Studentersamfundet i Christiania.