Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fem av ti jobbar aleine over halvparten av arbeidstida i bransjar Fafo har undersøkt:

Får ikkje tid til å gå på do

TRAVLE DAGAR: Åge Vissmark køyrer buss for Unibuss i Oslo. Han starta som bussjåfør i 1972 og kunne ha vore pensjonist, men trivst i jobben trass i at det er blitt svært travelt. Klassekampen

VARSKU: For bussjåfør Åge Vissmark er tidsjaget så stort at dobesøk blir eit problem. Ein ny rapport om HMS-utfordringar for aleinearbeidarar gir grunn til uro, seier LO.

Sidan 1972 har Åge Vissmark køyrt buss. Den erfarne bussjåføren har eit bredt smil under den store barten, men fortel at livet som bussjåfør ikkje er som det ein gong var.