Klassekampen.no
Onsdag 25. april 2018
Ein må ha noko å seie for å vere ein god retorikar.
Vara-argument
FEIG? Tor Mikkel Wara.

«Wara for Listhaug» var Klassekampens kreative overskrift i byrjinga av månaden. Den nye ministeren kom som vara for den tidlegare ministeren... Ein desktiar og blink me ikkje ser kvar dag.

Etternamnet til justisministeren ikkje er norsk, for Wara kjem frå Finnmark. Og namnet er finsk. Ordet vaara på finsk tyder skogkledd ås eller fjell. Samisk og finsk er svært nærskylde, så me finn dette ordet på samisk òg; midt i Finnmark ligg Skoganvarri. Sisteleddet varri er det samiske motsvaret til finsk vaara.

Nok om det. Tor Mikkel Wara «er god på talerstolen og en dyktig retoriker», uttalte partikollega Christian Tybring-Gjedde. Vel, dét kjem an på øyra som høyrer og hovuda som vurderer. «Folk må få lov til å delta i debatten (om innvandring) med temperament og engasjement uten å bli stemplet som rasister», uttalte den ferske justisministeren til Aftenposten den 5. april.

Er dette god retorikk? Eg seier nei. Fordi dette er ei ytring som (nesten) ingen norsk borgar vil vera usamd i. Og då er det ei ytring med liten kommunikativ verdi; setninga er inkjeseiande.

Eg definerer retorikk slik at det som blir sagt, skal ha eit innhald som formidlar informasjon som folk kan ta stilling til – og vera samd eller usamd. Utsegna til Wara kan knapt nokon samfunnsborgar vera usamd i. Wara kjem ikkje med noka meining, han er feig. Og dét er ingen kvalitet for ein politikar. Kanskje det er slik dei lærer å kommunisera i First House.

Den 4. april snakka Erna Solberg om Wara og trekte i den samanhengen fram den nye politireforma. Det vil seia, ho sa ikkje dét. Ho snakka om nærpoliti-reforma. Dét vil folk flest ute i distrikta kalla løgn. Dei som protesterer mot den påstanden, kan forlata Oslo ein augneblink og ta ein rundtur i Sogn og Fjordane eller i Finnmark. Få ting provoserer meir enn at ein politikar seier at noko er kvitt, når dei som lever med realiteten (reforma), opplever at røyndommen er svart.

Retorikk kjem frå rhetor på latin/gresk som rett og slett var talar. Difor var – og er – retorikk eit ord for talekunst. Ordhegd står som synonym i nynorskordboka. Å vera ordhag er å vera ordflink. Hag ligg mellom anna til grunn for høgre (handa), fordi ho er den flinkare (‘hagare’) av dei to hendene.

Me må aldri slutta med å ta inn over oss at politikk er to ting – realitet og språk. Når språket blir brukt til å dekkja over realitet, eller det blir brukt til å seia noko heilt anna enn realiteten inneber, må me vera på vakt. Og reagera. Og kjempa. Den kampen blir me aldri ferdig med. Den dagen me gir opp dén kampen, kan me gi opp.

PS. To veker sidan knytte eg Bjørnstjerne Bjørnsons dikt «Jeg velger meg april» til livsslutten hans, den 26. april 1910 i Paris. Då blir det ein mektig dikt-tittel. Men eg tok feil. Han var 37 år då han skreiv det. I 1910 skreiv han i «Norges Vel» om det livgjevande vårregnet i april. Poenget blir iallfall det same: På dødsleiet skreiv han om livet som kjem i april. Sterkt.

professor i norsk og omsetjing ved Universitetet i Agder

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Kanskje det er slik dei lærer å kommunisera i First House»

Artikkelen er oppdatert: 15. mai 2018 kl. 13.56
Onsdag 9. mai 2018
Ingen månad er så prega av kunnskapsprøving som mai. Her kjem eit bidrag til eldre som ofte er rådgjevarar, og til yngre som er utøvarar.Først -ning og -ing: -ing fortel om handling,...
Onsdag 2. mai 2018
Den 1. mai byrja i 1889. Og rørsla, die Bewegung, the movement, le mouvement har halde seg. Fordi mange nok stiller opp. Men eg melder eit sakn: Eitt ord var mykje fråverande i talane i går,...
Onsdag 25. april 2018
«Wara for Listhaug» var Klassekampens kreative overskrift i byrjinga av månaden. Den nye ministeren kom som vara for den tidlegare ministeren... Ein desktiar og blink me ikkje ser kvar dag. Etternamnet til...
Onsdag 18. april 2018
Aker og Acer, fru Blom? Acer er, dessverre, i ferd med å bli eit av årets ord. Kva tyder det eigentleg, dette som også går under omtalen «den tredje...
Onsdag 11. april 2018
Livet vaknar i april. Latin aprilis er «den som opnar (året)», opplyser norske ordbøker. Den autoritative franske Grand Robert skriv derimot at april har kome frå gresk
Onsdag 4. april 2018
Turid Farestvedt (og nokre til) lurer på dette med aksentar. Ho ser eg skriv òg (også), for å skilja det frå bindeordet og. Uttalen er jo den same – /åg/. Eit betimeleg spørsmål.
Onsdag 28. mars 2018
Eg vil på ingen måte vera respektlaus i påskeveka. Men det er så mykje påskestoff i dei fleste aviser at eg i dag vel å skriva om noko så aktualitetsuavhengig som ‘skål’. Eg presiserer igjen, for å møta all eventuell...
Onsdag 21. mars 2018
Ein vaken lesar, Tore Været, gjorde merksam på at i same nummer av Klassekampen som eg skreiv om forleddstilknyting, stod det, tre sider lenger bak, om ferjefri E39 på Vestlandet. SV ville slå eit slag for

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk