Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fornuft og forbod

MOTIVASJON: La heller dei truande betale kutta sjølv.

Det er uansvarleg av religionsprofessor Anne Kalvig å presentera tanken om at norsk guteomskjeringpraksis burde hatt som konsekvens at også («mildaste» form for) jenteomskjering vart lovleg. Så vidt eg veit finst det ikkje folk i Noreg som lyfter røysta si for jenteomskjering. Det er heller ingen i Noreg som argumenterer for omskjering som allment helsetilbod. «Underlege argument» er eit for svakt uttrykk for det Kalvig held på med.