Klassekampen.no
Mandag 23. april 2018
RARE DYR: Korkje fugl eller fisk. Men denne likna litt på ein fugl. FOTO: ANDREAS SCHILLE
Undringstimen
Ein vakker time der vi fekk undre oss over dei store spørsmåla i verda.

«Verken Fugl eller Fisk»

Teater Fot, Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Manus og regi: Lise Hovik.

Komponistar: Siri Gjære, Tor Haugerud og Rohey Taalah.

Scenografi og figurar: Anne Helga Henning og Lise Hovik.

Kostyme: Berit Haltvik With og Lise Hovik.

Musikarar: Siri Gjære og Tor Haugerud.

Med: Gunhild Hjertaas og Ibrahim Fazlic.

Melding

Teater Fot er eit lite teaterkompani i Trondheim, oppretta av Lise Hovik i 2004 for å skape scenekunst for dei aller minste.

I dei 14 åra kompaniet har eksistert, har dei ikkje laga så mange produksjonar, men til gjengjeld har det vore kvalitet av aller beste klasse. Slik er det også denne gongen.

Laurdag var det urpremiere på «Verken Fugl eller Fisk» på Teaterhuset Avant Garden i Trondheim.

Målgruppa denne gongen er ungar frå tre til fem år, og sjølv om det rett nok handlar om skapinga, evolusjonen og naturens historie, er det opplevinga meir enn narrativet som står i sentrum.

Fire kreativt utkledde aktørar kjem ut i foajeen og pratar med barna før vi blir tekne med inn i salen. Han er forma som eit amfi med eit stort kvadratisk teppe, og der ungane sit inntil på alle fire sider. To skodespelarar, Gunhild Hjertaas og Ibrahim Fazlic, held fram med å prate med publikum før dei tar til å fortelje om kor langt attende vi skal. Heilt til alt tok til.

I bakgrunnen sit Tor Haugerud på rytmeinstrument, fløyte og klokkespel, og Siri Gjære på rytme-, strengeinstrument, fløyte og vokal og kommenterer det heile musikalsk.

På stilisert, men likevel forståeleg vis, går vi gjennom ulike delar av evolusjonen. Mange merkelege dyr, kanskje korkje fugl eller fisk, dukkar opp. Ved å avdekke lag for lag av teppet som skal illudere ulike tider og nivå, tek dei oss gjennom verdas utvikling.

Det meste blir framført med lyder, musikk og fantasispråk, slik at undringa og filosoferinga får næring. Men så får vi plutseleg eit kraftig illusjonsbrot når vi kjem til vår tid der teppet er av plast. Det blir til og med litt action når vi skal fange den vonde plastdronninga. Denne ganske brutale kontrasten riv oss ut av idyllen og undringa, før vi blir tekne attende til ein nydeleg finale der ungane tek over scena for å rydde opp.

Framsyninga er ei fin veksling mellom særs interaktivt og heilt vanleg tilskodar­teater.

Det seier mye om kor fengslande dette er for dei unge når skodespelarane forlèt det interaktive, og barna straks forstår at nå må dei berre følgje med, og ikkje delta. Og det seier også mye om tilliten aktørane byggjer opp, når dei etter tre kvarter ber ungane entre scena for å hjelpe med å finne og sortere dyr, og nesten alle blir med utan å måtte ha med ein forelder.

«Verken Fugl eller Fisk» er ei vakker framsyning som appellerer til undring, men som også har ambisjonar om å forstå verda i større grad frå naturens enn frå menneskets ståstad.

amund@amund.info

Artikkelen er oppdatert: 15. mai 2018 kl. 13.43

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk