Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kringsett av fiendar: Morten Jentofts bok om den finske borgarkrigen i 1918 er ei sterk påminning om kva det kan koste å angripe makteliten.

Til skrekk og åtvaring

Det er skummelt å sjå korleis framandhatet har vakse i Europa i dei ti åra som har gått sidan krakket i 2008. Men når ein spekulerer i kva det kjem av, er det på sin plass å også reflektere over kor farleg det kan vere for dei underprivilegerte å rette sinnet oppover, mot dei som sit med både den offisielle makta og pengemakta. Då er det tryggare å rette sinnet mot det ein opplever som konkurranse nedanfrå: framandarbeidarar, framandkulturelle og andre minoritetar. I siste instans kan kven ein blinkar ut som fiende, avgjere om ein sjølv endar som overgripar eller offer, vinnar eller tapar. Sett i det perspektivet er det ein slags rasjonalitet i at dei nyfascistiske organisasjonane som no rører på seg, appellerer til stadig fleire når den økonomiske ulikskapen aukar.