Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kjensler: Tora Seljebøs «Huset på prærien» er ei vakkert skrive bok.

Skitten kjærleik

Eg meiner at ein på noverande tidspunkt er unnskyldt om ein vert litt skeptisk av lokkesetninga «om unge jenter og vaksne menn», slik det står på baksida av «Huset på prærien» til Tora Seljebø. Ikkje for at tematikken skal tabuiserast eller noko slikt, men han kjennes ikkje akkurat underutforska i norsk samtidslitteratur anno 2010-talet. «Huset på prærien», Seljebø sin fyrste roman sidan lyrikkdebuten «Om kvelden blir namna ropa heim» frå 2014, skal likevel ikkje naglast for nær inntil førehandsomtalen av verket.