Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dersom verdssamfunnet ikkje gjer noko, vil me snart stå overfor ein ny type masseøydeleggingsvåpen.

Krigens tredje revolusjon

NESTE STADIE? Utviklinga av autonome våpen – som sjølv vil kunne identifisere, velje ut og angripe mål utan menneskelig kontroll – er i full gang, skriv Sigrid Z. Heiberg. Dei vil være langt meir avanserte enn dagens militære dronar og fjernstyrte fly, slik som dette som blei presentert på ein militærparade i Kina i 2015. FOTO: GREG BAKER, AFP/NTB SCANPIX GREG BAKER

«Drapsrobotar» – det høyrast kanskje ut som plottet til ein dårleg science fiction-film frå 80-talet, eller som eit problem me potensielt må forholde oss til ein gong langt inn i framtida. I røynda er utviklinga av drapsrobotar allereie i full gang, og utgjer ein enorm trussel mot internasjonal sikkerheit og stabilitet.