Lørdag 21. april 2018
DJUPARE: Vigdis Hjorth lèt eigne erfaringar skine gjennom og kaste lys over litteraturen ho skriv om. FOTO: KLAUDIA LECH
Engasjerte essay
Tospråkleg: Vigdis Hjorth sjanglar stødig mellom det personlege og det allmenne i fire essay om store mannlege forfattarar.

BØKER

«Å være kvinne er som å være tospråklig», seier Vigdis Hjorth i fjorårets samtalebok med Kaja Schjerven Mollerin, «Vigdis, del for del». I årets essaysamling «Å tale og å tie» både reflekterer ho rundt og praktiserer denne tospråklegheita, gjennom fire engasjerte essay om store mannlege forfattarar: om Alf Prøysens hjerte og Rolf Jacobsens smerte, om Agnar Mykles «mannlige blikk», om Peter Handke og Bertolt Brechts «dårlige oppførsel» og om Alexander Kiellands arbeid med å finne ut kva han skulle tale og teie om i livet sitt. I og mellom hovudlinjene dukkar Hjorths faste frendar opp, ikkje minst Søren Kierkegaard, som også denne gongen leverer avgjerande innsikter.

Som kvinne er Hjorth seg bevisst å skrive i «en tradisjon av undertrykkede» og ho omtalar konsekvent ’kunstnaren’ og ’forfattaren’ som «hun», ikkje «han». Det veks fram nokre spenningar mellom Hjorths blikk og det mannlege blikket, men ho dreg ikkje lesaren inn i noko pingpongdiplomati mellom dei: Perspektivet hennar er ganske likeframt, og ho vurderer forfattarane etter innsiktene dei har gitt henne, som kvinne og som menneske, ikkje etter haldningane eller meiningane dei har uttrykt. Mykle er til dømes «best når han er verst» og skriv om unge menn «i sine hormoners vold»: «Jeg har alltid lurt på hvordan det er å trenge inn i et annet menneske med sitt fremste nytelsesorgan, og Mykle er mannen som har forklart meg det best, og det er jeg takknemlig for», skriv Hjorth.

Fakta

ESSAY

Vigdis Hjorth

Å tale og å tie

Cappelen Damm 2018, 96 sider

At Hjorth har lurt på dette, veit lesarane av romanar som «Fransk åpning» (1993) og «Hjulskift» (2007). Det er kort veg frå personleg fundering til litterær utforsking hos Hjorth, og også essaya er drivne av sjølvgransking, sanningssøking og eksistensielt engasjement. Ho lèt eigne erfaringar skine gjennom og kaste lys over litteraturen ho gir seg i kast med, og særleg over forholdet den står i til biografi og verkelegheit, etikk og politikk. Gjennom ei stødig sjanglande essayform når Hjorth ein djupare grunn – ikkje slik at innsiktene er djupare enn i romanane, men slik at refleksjonen handlar om noko grunnleggjande for alle romanar – om det eksistensielle opphavet til lesing og skriving. Her kan lesaren trampe rundt på litteraturens grunn og kjenne bivringa i bakken: Kvifor les og skriv eg? Kvifor les og skriv vi?

Det personlege fører raskt til det allmenne hos Hjorth. Sjølv om viljen til å proklamere sanningar kan bli sterk, er det gjennomgåande ein styrke i essaya. Mykle-essayet inneheld også nokre humoristiske halvsanningar, som gjer det meir morosamt, men ikkje meir interessant enn dei andre i boka. Ut ifrå devisa om at det personlege er politisk, utforskar Hjorth det politiske hos Mykle og konkluderer med at han «ikke er noe særlig til politisk tenker», men at bøkene har stor verdi fordi «blodet banker i lemmene og i lemmet på» han. Den forandrande krafta i litteraturen hans ligg i den truverdige framstillinga av «den unge mannens vankelmodighet» og ustyrlege hormonbrus – «av hvordan verden ser ut, av hvordan menneskene er». Gjennom kjønnsrealismen tok Mykle eit oppgjer med dei hykkelske haldningane til seksualitet i samfunnet – men det visste vi vel frå før?

Hjorth har aldri vore redd for å søkje ny innsikt i etablerte sanningar, eller i det som først kan likne banalitetar. Ho skriv oppriktig om det banale, og gjer bruk av faste vendingar, gjerne etterfølgd av eit «som det heter» – ein markør for Hjorths sjølvrådige og entusiastiske omgang med det folkespråklege felleseiget.

I essayet med den fenomenale tittelen «Alf og Rolf. Fordeler og ulemper ved henholdsvis hjerte og smerte» diskuterer ho tilgrensande spørsmål hos Alf Prøysen og Rolf Jacobsen. Ho verdset Alfs konkrete livs- og verdssyn, og respekten hans for «det upretensiøse, det uhøytidelige». Rolf blei derimot pressa inn i rolla som den store norske modernisten, «og da hørte høystemthet, vismannstale og filosofiske påstander om tilværelsens gåter med». Rolf baud ikkje på «humor, letthet, fart», slik Alf gjorde – og Hjorth gjer – men måtte vere absolutt moderne i både form og tematikk.

Hjorth føretrekk Alf framfor Rolf, fordi ho blir glad av Alf, bekymra av Rolf. Men ho anerkjenner Rolfs bekymring, og vedkjenner at han på sitt beste seier meir om vår verd av i dag, særleg i dikta om naturen i maskinenes tidsalder: Medan Alf skreiv truskuldig om Helene Harefrøken og Bolla Pinnsvin, er naturen hos Rolf «både truende og truet».

Men der Rolf bar fram verdsfemnande alvor og bekymring, gav Alf det lokale og banale betyding. Han var ein moderne mann før si tid, med eit varmesøkjande blikk for det trivielle og kvardagslege, som lenge har blitt plassert innanfor kvinna sitt domene.

Om det å vere kvinne gjer Hjorth tospråkleg, har også erfaringane hennar med å lage litteratur av levd liv – og ikkje minst med at veven hennar av litteratur og liv har blitt ettergått i saumane av andre – gitt henne ei anna tospråklegheit, som ho reflekterer over i tittelessayet om Kielland.

Under eit sjukeleie i Bergen gjekk Kielland gjennom almanakkane sine, med mål om å skrive ein sjølvbiografi, men valde å avbryte arbeidet og heller teie enn tale om livet sitt. Ein sjølvbiografi ville krevje noko av han som han ikkje kunne gi. Om han likevel hadde gitt seg i kast med stoffet i almanakkane, gjettar Hjorth på at han ville ha skrive ein roman. For hemmelegheiter har vi uansett, sjølv når vi skriv sjølvbiografisk, og i ein roman kan desse hemmelegheitene få større verkerom enn i biografien.

Å krevje klare svar på kva som er sant i ein roman, er difor fåfengt for Hjorth: «Vi når aldri helt inn til hverand­re, og det er både fint og fælt.»

bokmagasinet@klassekampen.no

Lørdag 20. oktober 2018
Adjø: Didier Eribon forlot arbeiderklassen, sammen med fransk venstreside.
Lørdag 13. oktober 2018
Sorg: Steffen Kverneland foreviger faren og forsoner seg med livet i sin uvanlig personlige og direkte tegneseriebok.
Lørdag 6. oktober 2018
Ru: I «Menn i min situasjon» fangar Per Petterson oppløysings­tendensar i briljante oppløysingssentensar.
Lørdag 29. september 2018
Eksotisk: Espen Ytreberg forsøker å løfte Roald Amundsens østsibirske døtre ut fra glemselen.
Lørdag 22. september 2018
Status: Helene Uri leverer eit bittertglitrande forsvar for kvifor vi treng å avpaternalisere språket.
Lørdag 8. september 2018
Til sjøs: «Havlandet» av Per Anders Todal er et fabelaktig dypdykk i havet – havet som skapte Norge.
Lørdag 1. september 2018
Absurditet: Marita Fossums «Singularitet» er en overbevisende refleksjon over forholdet mellom tenkning og handling.
Lørdag 25. august 2018
Vilter: Kristine Næss går opp grensene mellom ideal og realitet i sin nye roman.
Lørdag 18. august 2018
Undersida: Med eit både poetisk og essayistisk uttrykk er Anne Helene Guddal blant dei sterkaste stemmene i den unge litteraturen.
Lørdag 11. august 2018
Lykke: Er det så enkelt som at når institusjonene svekkes, står det erotiske begjæret alene tilbake som drivkraft i menneskelivet?

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk