Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Aps nederlag kan igjen bli starten på ein brei politisk allianse.

Det nye Soria Moria

Draumen om sentrum/venstre-samarbeid var i ferd med å bli viktig da eg vart politisk journalist i Arbeiderbladet for 21 år sidan. Tre år tidlegare hadde Ap-leiinga tapt EU-kampen. Snart skulle Thorbjørn Jagland vikle seg inn i eit ultimatum til veljarane: Da Ap ved valet i 1997 ikkje fekk 36,9 prosent, men 35, gav han frå seg makta.