Klassekampen.no
Torsdag 19. april 2018
MYKJE RART MELLOM PANNA OG LUGGEN: Universet er fullt av merkelege ting. Kjem dei frå hjernen vår, Gud, andre vesen, kosmos, eller ein kombinasjon? Kanskje me aldri finn heilt ut av det, skriv Anne Kalvig. MÅLERI: JOHN ANSTER FITZGERALD (1819–1906), «DRØYMER»
Kva skal me gjera med stemmehøyring og andre «ville greier»?
Våre mystiske liv

Nyleg svarte eg på ei spørjeundersøking på nett om spesielle sanseopplevingar. Undersøkinga blir gjort av Institutt for biologisk og medisinsk psykologi ved Universitetet i Bergen og Bergen Research Foundation. Det er del av eit mangeårig prosjekt om stemmehøyring og andre spesielle sanseopplevingar.

Som religionsvitar veit eg jo at stemmer, beskjedar, befalingar og profetiar frå «ekstrasensoriske» kjelder er ganske vanlege, så eg var interessert i spørsmål og vinklingar i undersøkinga av den grunn. Og fordi eg sjølv har høyrt slike stemmer. Eller ei stemme, då.

Det var dessutan dialogprest Silje Trym Mathiassen som fronta undersøkinga i media og gjorde meg merksam på henne, med utgangspunkt i at ho høyrde ei stemme for mange år sidan som sa: «Du skal studera teologi!». Eg kjenner Silje godt, og veit at ho ikkje berre kan høyra spesielle ting, men ikkje minst kan sjå ting. Meir om det om litt.

«Tror du på kraften i hekseri, voodoo eller det okkulte?» var det mest religionsvitskapleg tilslektande spørsmålet i undersøkinga, og truleg det mest klønete formulerte. Spørsmåla generelt er interessante, og eg gler meg til resultata av undersøkinga.

Det viser seg at mange har spesielle sanseopplevingar utan å vera psykisk sjuke, medan det å høyra og sjå ting som ikkje finst i normal tyding, jo er vanlege symptom på psykisk sjukdom. Så kor går grensene, kven avgjer dette, og kva er opphavet til spesielle opplevingar når folk ikkje er sjuke?

Kvar gong eg skriv noko i nærleiken av ting som dette, får eg meldingar frå folk som fortel om sine fantastiske og merkelege opplevingar. Det er eg takksam for. Mi oppleving med stemmehøyring er uhyre prosaisk; eg låg og strevde i bassenget i symjetimen på vidaregåande, då ei stemme i 45 gradars vinkel ut og 30 gradars vinkel opp for høgresida av skallen min, plutseleg sa: «Du skal ha fem barn!». Eg var så oppskjørta at eg fortalde klassevenninnene mine kva som var blitt sagt til meg, då eg kom inn i dusjen. Eg hugsar ikkje kva dei sa, men eg hugsar altså hendinga, nær 30 år – og fem barn – seinare.

Kva er kjelda bak slike hendingar, hjernen vår, Gud, andre vesen, kosmos, eller ein kombinasjon? Kven veit, og kva skulle me gjort om me fekk det endelege svaret? Dette er herlege og vanskelege spørsmål eg har stilt meg så lenge eg har studert religion. Religion som ikkje (berre) er heilage skrift, dogme og fromleik, men andre ting – kva er det, eigentleg, og kva plass har det i folk sine liv? Jeffrey Kripal er ein amerikansk religionsvitar som har tatt til orde for at faget vårt må inkludera «dei ville greiene» viss me skal bidra med meir enn «strøssel på vitskapskaka». Mon det?

Tilbake til Silje prest: ho såg at eg var gravid med mitt femte barn før eg visste det sjølv, og ho såg at eg skulle få ei jente med raudt hår. Dette fortalde ho til meg då eg sa at eg venta barn. Tilfeldigvis kom det fram at ho også hadde sett fødselsdatoen, og sjølv om ho i sin klokskap synst eg ikkje burde henga meg opp i den, pressa mor mi henne til å seia det: 11. september. Men 9. september om kvelden gjekk vatnet hos meg, og eg var engsteleg, sjølv om eg var femtegongsfødande. Med tiltakande rier sende eg ein sms til Silje den natta: «Fødselen er i gang, kan du be for meg?» Om morgonen fekk eg bekreftande svar og denne meldinga som er som gulldråper for fødande: Når du ser inn i auga til barnet, er det det vakraste som finst, for det siste ho såg før ho kom til deg, var Gud.

Men Silje sin dato var jo 11., ikkje 9. september! Ho sa til yngstedotter si om kvelden den 9., mange timar før eg sende min sms: Åh, nå gjekk vatnet hos Anne, eg har visst tatt feil med to dagar! Me snakka jo ikkje saman då, ho berre såg/visste det. Silje hjelpte oss neste dag på sjukehuset, med massasje, bøn og vandring i sjukehustrappene. Trass hennar fødselshjelparinnsats, tok ting grueleg lang tid: Astrid blei fødd to døgn etter at fødselen starta, 11. september, med raudt hår.

Folk opplever liknande ting heile tida, folk som er religiøse, sekulære eller gjerne noko midt imellom, dei språket og teoriane våre kanskje har minst grep om. Mange opplever dei «ville greiene» titt og ofte. Me anar ikkje kva me skal gjera med det og med dei – men det er ei påminning om alt me ikkje veit, i dette rare, fantastiske universet vårt.

anne.kalvig@uis.no

Lars Gule, Eivor Oftestad, Mina Bai, Anne Kalvig og Helene Næss skriv om religion i Klassekampen kvar torsdag.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk