Torsdag 19. april 2018
NEI VEL, STATSMINISTER: Det er kanskje ikkje overraskande, men likevel: Raudt-leiar Bjørnar Moxnes var langt frå nøgd med svara frå statsminister Erna Solberg om Syria i spørjetimen i Stortinget i går.
• Statsministeren kunne ikkje svara • Sp, Raudt og SV krev meir info på bordet
Pressar på vidare
Undersak

Utilfredse sosialistar

Fleire parti på Stortinget er ikkje tilfreds med svara statsminister Erna Solberg gir om Noregs militære Syria-bidrag.

– Det blir tydeleg at regjeringa anten heile tida har vore klar over at militsane driv regimeskifte-krig, og då har feilinformert Stortinget. Elles har dei ikkje undersøkt at oppdraget er i tråd med mandatet. Uansett ser det ille ut for regjeringa, seier Bjørnar Moxnes, stortingsrepresentant og leiar for Raudt.

– Dette oppdraget har som så mange andre eit veldig klart preg av at norske politikarar, fleirtalet på Stortinget, ikkje anar kva dei dreg Norge inn i, seier SV-leiar Audun Lysbakken, som sit i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget.

Han meiner det er behov for ei grundig gjennomgang av Norges militære bidrag i Midtausten.

– Vår kritikk av desse militæroppdraga har heile tida vore at regjeringa ikkje har visst kva dei har drive med. Det har vore uklart kva desse gruppene Norge trenar eigentleg står for, seier han.

Både Raudt og SV stilte spørsmål til statsministeren om Syria i går, både om bombinga sist veke og om den norskstyrte treninga.

Heller ikkje Senterpartiet er nøgde med at militsane Noreg har trent kan ha vore opne om at dei ville bruke treninga til å gå mot Assad-regimet, samstundes som Solberg forklarte at dette ikkje var målet her heime.

Liv Signe Navarsete, stortingsrepresentant for Senterpartiet, er så lite tilfreds med regjeringas informasjon, at ho i går sende skriftleg spørsmål om saka.

Dermed blir det nye rundar om Syria i Stortinget for Erna Solberg.

SKODDEHEIMEN: Utanriksopposisjonen på Stortinget vil ha svar om militsane i Syria.

SYRIA

Det blir ikkje ro for Erna Solberg etter at Klassekampen denne veka avslørte at norske styrkar har trent militsar som var opne om at dei også ville gå til åtak mot Assad-hæren – stikk i strid med kva Noreg sa dei skulle gjere.

I går måtte statsministeren svare på spørsmål i Stortinget om kven Noreg eigentleg har trent – men utanriksopposisjonen er ikkje nøgde. I stortingssalen svarte Erna Solberg på spørsmål frå Raudts Bjørnar Moxnes.

– Dei opplysningane som no er komne fram, er kva desse styrkene har gjort etter at Norge har avslutta oppdraget sitt, sa Solberg frå talarstolen.

Men til Klassekampen sa Muhannad al-Talla, øvstkommanderande i militsen MaT, følgjande: «Jeg har helt fra starten vært helt klar på at jeg kjemper mot IS og Assad-styrker.»

Fakta

Norsk oppdrag i Syria:

• Mai 2016 kunngjorde regjeringa at norske soldatar skulle trena og gi råd til syriske opprørarar, som ein del av kampen mot Den islamske staten (IS).

• Oppdraget blei forlenga i mars 2017, og offisielt avslutta 10. mars i år.

• I dag er Assad målet for dei norsktrente opprørarane.

Tåke i Vandrehallen

Til Klassekampen kan ikkje Solberg svare på utsegna.

– Noreg har trent militsgrupper som seier dei heile tida har vore opne om at dei òg ville nytte treninga til å gå mot Assad-regimet. Kva tenkjer du om det?

– Det har eg svart på frå talarstolen inne. Vi har gått ut av det treningsoppdraget. Frå 20. oktober har vi flytta treninga over til Irak. Vi har vore heilt opne frå Stortingets talarstol om at kva desse gruppene gjer etterpå – kva lojalitet dei vil ha – det kan vi aldri ha ein garanti mot, seier ho.

– Men om dei heile tida har vore opne om at deira lojalitet òg handla om å gå mot Assad-regimet – så var vel det noko anna enn det du sa?

– Det kan eg korkje stadfeste eller avkrefte, for det har eg ikkje informasjon om, seier statsministeren.

Nekta for Assad-motstand

NTB stilte statsministeren spørsmål om kor vidt ho kunne utelukke at norsktrente militsar i perioden frå treninga starta hausten 2016 til den blei avslutta i fjor haust, òg kjempa mot Assads styrkar.

Her svarte Solberg at dette spørsmålet måtte bli retta til Forsvarsdepartementet.

Seniorrådgjevar Marita Isaksens Wangberg i departementet svarer: «Lokale grupper som kjemper mot ISIL har ikke kjempet mot Assad-regimet mens de ble trent opp av Forsvaret. FD er ikke kjent med at slike grupper har kjempet mot Assad-regimet etter at Forsvaret avsluttet treningen av dem.»

AUF vil ha nye svar

Mani Hussaini er AUF-leiar. Han er uroa over opplysningane Klassekampen har kome med denne veka.

– Her har statsministeren ein jobb å gjere i å svare Stortinget om kva slags grupper dette er. Det er viktig når vi avgjer at vi skal sende norske soldatar for å trene ei militsgruppe. Vi må vite kven dei er og kva dei står for, og så er det viktig at statsministeren held det ho sa. Om det er brot på det, må ho svare Stortinget, seier Hussaini.

Han trur dei nye opplysningane kan få fleire i hans parti til å tenkje seg om:

Eg trur at politikarar i Ap no stiller seg same spørsmålet: Kven er eigentleg denne militsgruppa?

– Var det gale av Ap å støtte denne operasjonen?

– Det er fullt mogleg at dei sat på opplysningar eg ikkje har. Dette blei handsama i den utvida utanriks- og forsvarskomiteen, seier Hussaini.

politikk@klassekampen.no

Tirsdag 14. august 2018
ADVARER: Frps Jon Helgheim sier rommet for hva som er greit å si som politiker blir mer snevert. I går måtte enda en frittalende Frp-statsråd gå av.
Lørdag 11. august 2018
AP STØRST: Jonas Gahr Støre (Ap) trur sharia-bråket rundt Per Sandberg er ein hovudgrunn til at Frp går tilbake på dagens måling.
Fredag 10. august 2018
BLI HJEMME: Hege Storhaug i Human Rights Service og Hans Rustad i Document er forferdet over Per Sandbergs feiring av den iranske nasjonaldagen.
Mandag 6. august 2018
OVERTID: Nominasjonskomiteen skulle hatt svar for tre måneder siden, men Rita Ottervik (Ap) vet ennå ikke om hun ønsker å fortsette som ordfører i Trondheim.
Onsdag 1. august 2018
KRISE: KrF mener det er «svært sannsynlig» at Stortinget retter kritikk mot regjeringen etter Riksrevisjonens slakt av terrorsikringen. Partiet utelukker ikke at det kan gå lenger.
Mandag 30. juli 2018
SPIS DE RIKE: Audun Lysbakken ser for seg å fylle statskassa med minst 14 milliarder kroner i økt skatt på «superhøye inntekter» og «de superrikes formuer».
Fredag 27. juli 2018
SKIFTE: Det viktigste for Senterpartiet i Trøndelag er å få fylkesordføreren, ikke hvem de samarbeider med. Det sier Ola Borten Moen (Sp).
Lørdag 21. juli 2018
debatt: Over­levende Helén Ingrid Andreassen fikk hat-telefoner da hun deltok i innvandrings­debatt. Men oppgjøret med ytre høyre etter 22. juli har uteblitt, sier hun – og derfor orker hun likevel.
Tirsdag 17. juli 2018
INKASSOKRAV: Hvor mye penger har Erna Solberg lovet Nato å bruke på forsvar de neste årene? Det er spørsmålet Bjørnar Moxnes nå krever et klart svar på.
Onsdag 11. juli 2018
BØNDA IFRA NORD: Finnmark kan ramle heilt ut av Stortinget. Finnmarks fylkesordførar er likevel open for at areal skal telje mindre enn i dag når ein fordeler stortingsmandat.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk