Du kan bla til neste sideBla med piltastene

AUF-fest?

  • Søndag 15. april kunne lesarane av nrk.no la seg sjokkere av siste nytt: «Giske deltok på AUF-fest med mye alkohol under tre måneder etter #metoo». Det er nesten ikkje til å tru. Saka rulla sjølvsagt gjennom både nettaviser og sosiale medium. Finst det verkeleg ingen grenser? Både hos VG, NRK og andre var det vanskeleg å få heilt fatt på kva saka handla om. Detaljane var få og vage, og jo fleire gongar ein las saka, jo meir kjendest det som om innhaldet og tittelen ikkje hang saman.