Tirsdag 17. april 2018
ALTERNATIVT MEDIENETTVERK: Gürkan Özturan er redaktør for nettavisa dokuz8NEWS. Han har også vore med å kursa 750 borgarjournalistar i Tyrkia.
For den tyrkiske nettavisredaktøren Gürkan Özturan er reportarnettverk basis for drifta:
Kursar borgarjournalistar
Når etablerte media blir stengde eller kjøpte av statslojale eigarar, er digitale reportarnettverk eit svar.

media

– Noko av det viktigaste vi gjer, er å kursa alminnelege borgarar i journalistisk metode og informasjonsteknologi, fortel redaktør i nettavisa dokuz8NEWS Gürkan Özturan til Klassekampen.

Norsk Pen har invitert han til Noreg for å snakka om den manglande pressefridomen i Tyrkia og kva dokuz8NEWS har gjort for å utvida det journalistiske handlingsrommet.

Fakta

Gürkan Özterpan:

• Tyrkisk pressefridomskativist, redaktør og dagleg leiar i den uavhengige, internasjonale nettavisa Dokuz8NEWS.

• Er i Noreg i regi av Norsk Pen. I dag snakkar han på eit møte i Media City Bergen om maktovergrep mot tyrkiske media.

Frå Geziparken til nettet

Å kalla Özturan redaktør og dokuz8NEWS ei nettavis er ikkje dekkjande. Dei er snarare ein modell for internettjournalistikk under stadig utvikling. Plattforma sprang ut av demonstrasjonane i Geziparken i Istanbul i 2013.

– Det skapte stor frustrasjon, blant Gezi-demonstrantar og profesjonelle journalistar, at etablerte, tyrkiske media la lokk på protestane. Både vanlege borgarar og journalistar byrja å bruka sine eigne kontoar i sosiale media for å rapportera det dei var vitne til. I etterkant av demonstrasjonane ville mange byggja vidare på desse fruktbare røynslene, og ein lang, demokratisk prosess munna ut i dokuz8NEWS, som vart lansert til lokalvala mars 2014.

I dag er dokuz8NEWS ein nettverksbasert nyhendeorganisasjon med ein liten fast redaksjon som fungerer som sentral for 500 reporterar landet over. Alle desse har så sine lokale nettverk, noko som gjer at organisasjonen femnar svært breitt og er robust for arrestasjonar og politiraid mot redaksjonen.

– Redaksjonslokala vart stengde første gong i november 2016, og i fjor var vi utsette for politirazziaer nesten månadleg, fortel Özturan.

Borgarjournalistikken som vaks ut av Geziparken er ikkje lenger spontane reaksjonar frå gata, men eit fleksibelt organisert samarbeid mellom folk som har vore gjennom journalistisk kursing.

– Nest etter prinsippet om å formidla faktabaserte nyhende av avgjerande interesse for borgarane, er journalistisk kursing den viktigaste stolpen i verksemda vår.

Gürkan Özturan fortel at 750 folk – hovudsakleg ungdommar og storparten studentar og tillitsvalde i fagrørsla – har gått gjennom ei utdanning som i dag omfattar eit fast pensum knytt til heile 13 kursmodular. Som einaste organisasjon i Tyrkia tilbyr dei også kurs i traumejournalistikk og psykologisk debrifing av journalistar. Dokuz8NEWS har også kursing i personleg tryggleik og kryptering og sikker digital kommunikasjon. Ekstra viktig for reporterar i eit land der 245 journalistar har vorte fengsla etter statskuppforsøket i 2016.

Statskontrollerte media

Det mislukka kuppet i juli 2016 har skjerpa presseufridomen (400 media og 1700 nettsider er stengde), men gjennom nær heile Recep Tayyip Erdogans regjeringsperiode som statsminister og president har handlingsrommet til media vorte stadig meir avgrensa.

Økonomisk press har vore hovudverkemiddelet til AKP-regjeringa.

– Det byrja med stenginga av papirfabrikkar. Eit kjent grep frå militærstyret på 1970- og 80-talet, då høge papirprisar vart brukt politisk. Så kom forbodet mot alkoholreklame, som var ei enorm inntektskjelde for media. Sidan har Erdogan sytt for at regjeringslojale industrikonglomerat har ført media til sin portefølje, med å gje dei rimelege lån frå statlege bankar. Oppkjøp av økonomiske tapssluk i media har skjedd under eit visst press, og vorte sukra av lukrative, offentlege industrikontraktar.

Klassekampen skreiv laurdag om korleis denne politikken sist veke førte til sal av Tyrkias siste, uavhengige mediekonsern, Dogan Media Group. Dei er no overtatt av den AKP-lojale energi- og eigedomsmagnaten Erdogan Demirören.

– Eg har ikkje sans for Dogan som forretningsmann eller medieeigar, men han har vorte pressa til å selja på eit vis alle må reagera mot.

Dogan var både eigar av presse- og tv-selskap og ein viktig distributør av også uavhengige aviser. Ein konsekvens av Dogan-oppkjøpet, er at distribusjonen av så ulike aviser som den gamle CHP-avisa Cumhuriyet, sosialistiske BirGün og kurdiske Evrensel er truga. Også difor meiner Gürkan Özturan at nettdistribusjon er avgjerande for uavhengig informasjon i framtida.

– Dei tre avisene har eit samla papiropplag på berre 100.000, men på nett når dei over ein million lesarar.

Den nettverksbaserte digitaljournalistikken gjev von for mediemangfaldet i framtida, meiner Özturan. Med dels å rapportera på engelsk har dokuz8NEWS også nådd internasjonalt ut med saker som så har fått politisk effekt i Tyrkia.

– Ikkje minst har vårt samarbeid med den hardt pressa fagrørsla vore til gjensidig nytte. Mange av våre reporterar er lokale tillitsvalde.

guri.kulaas@klassekampen.no

Torsdag 19. juli 2018
Mer offentlig-privat samarbeid og utvidede åpningstider for teatre og museer. Det er blant forslagene til en ny satsing på kultur­turisme i Norge.
Onsdag 18. juli 2018
Samlaget likte dårlig at bøkene om Lothepus ble solgt til halv pris av en liten nettbokhandler. Nå har innehaveren sendt brev til Finanstilsynet for å komme til bunns i om bokbransjen har rett til å stoppe ham.
Tirsdag 17. juli 2018
Utenriksreporter Kadafi Zaman er løslatt fra fengsel i Pakistan. – Pressekortet er ikke lenger et hvitt flagg, sier TV 2s klubb­leder.
Mandag 16. juli 2018
Omlegging av nytt frekvensbånd for trådløse mikrofoner kan føre til store utgifter for kulturaktører over hele landet.
Lørdag 14. juli 2018
Det privateide Astrup Fearnley Museet fikk sju millioner kroner i overskudd fra en lukket auksjonsmiddag for spesielt inviterte samlere og kunst-topper.
Fredag 13. juli 2018
På Dilling i Østfold er arkeologer i gang med det største utgravnings­prosjektet i Norge. Funnene viser at det også i jern­alderen eksisterte sosial lagdeling.
Torsdag 12. juli 2018
TV 2 er ikke for­pliktet til å sende kultur-, vitenskaps- og minoritetsprogrammer når kanalen blir allmennkringkaster igjen.
Onsdag 11. juli 2018
Viljen til det kompliserte er et av Hamsunsenterets mest interessante trekk.
Tirsdag 10. juli 2018
Akademiske forlag tjener milliarder på at forskningsartikler forblir bak en betalingsmur. Nå jobber Norge for nye lisensavtaler.
Mandag 9. juli 2018
Norsk barnebok­institutt arbeider for å få på plass en masterutdanning innen skrivekunst.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk