Klassekampen.no
Lørdag 14. april 2018
Dei som var her før, talar til oss gjennom kvardagsting.
Arkeologisk
UNDER OVERFLATA: Mykje levd liv i eit klaffebord.

På syttitalet, lenge etter at farmor døydde, fann eg eit klaffebord i nedi matbua hennar og måla det bondeblått etter gjeldande mote. Sidan flytta eg frå det og tenkte ikkje meir på det før det dukka opp på ny, slik det med tid og stunder skjer med så mangt.

Eg kjøpte målingsfjernar, skrapte vekk syttitalsmålinga mi og var tilbake til den groteske kombinasjonen av svart og gult som kjenneteikna farmor sine oppussingsprosjekt frå tidleg etterkrigstid. Det er ikkje godt å vita korleis ho trudde det skulle bli, men den livlege fantasien hennar kom til kort når det gjaldt fornying av gamle møblar.

Ho og farfar budde dei siste leveåra sine i det same huset som foreldra hans hadde blitt gamle i. Det var den første staden eg gjekk på besøk til, den første staden utanfor heimen der eg kjende meg heime. Sidan stod det tomt i årevis, og eg hadde det som fast base mens eg studerte. Å sjå til var det eit vanleg hus, men i røynda var det eit eventyrslott. Stadig opna det seg nye rom, høgare loft, djupare kjellar.

No er eg sjølv på veg inn i alderdomen. Dei som har gått i førevegen, er endå sterkare enn før til stades i dei tinga dei brukte: «Allt är ömhet, allt är smekt av händer.»

I von om at bordet skulle enda opp som trekvitt, smurde eg på eit nytt lag med målingsfjernar og skrapte så det skumma. Men enno var eg ikkje nede på det nakne trevirket. I staden skein det gjennom korallraud lasur frå oldemor si tid.

No viste det seg òg at bordbeina hadde konturstriper som var lagde på med fin pensel. Det klumpete vesle møbelet frå kjellaren til farmor såg overraskande elegant ut, røft i konstruksjonen, men med avbalanserte proporsjonar, snikra av ein som kjende det gylne snitt.

Denne oppdaginga fekk oldemor til å stiga fram or fortida med skarpare profil enn før. Og svigergnissinga mellom henne og farmor fekk ein ny dimensjon.

Det var ikkje det at oldemor spelte hekserolla når farmor fortalde eventyr til meg. Det dårlege tilhøvet kom helst fram gjennom fråværet av omtale. Men farfar la aldri skjul på at det hadde vore vanskeleg for den unge Sandnes-jenta som han hadde lokka med seg ut på ville bondelandet, å halda ut trykket frå den stolte mor hans. Det tener til hans ære at han alltid tok parti med kona si, og jamvel flytta bort frå slektsgarden saman med henne i ein lengre periode.

Oldemor kjende seg nok òg klemd opp mot veggen iblant. Far fortalde at ein gong oldefar hadde kausjonert for bror sin utan å innvia henne i det, og sett seg i djup gjeld, reagerte ho med å spenna hesten for trilla og køyra til Sandnes, der ho kjøpte inn alt det finaste ho kunne oppdriva av dekketøy og vaskestell. Mykje av det fanst framleis i familien då eg var barn. Eg har enno eit glasfat på stett frå dette raidet.

Tinga til farmor var meir interessante enn vakre. Synet av det stilige klaffebordet til oldemor fekk meg til å forstå at ho syntest at svigerdottera hadde veldig dårleg smak.

s.skjold@online.no

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.

«Stadig opna det seg nye rom, høgare loft, djupare kjellar»

Artikkelen er oppdatert: 19. april 2018 kl. 10.00

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk