Lørdag 14. april 2018
SYSTEM: Knudsen utleverer menneske og dyr til den teknologiske og økonomiske utviklinga. FOTO: TOMMY ELLINGSEN
Det levande, utlevert
Stillfaren: Cathrine Knudsen skriv eigenarta undersøkingar om vilkåra for liv i det tekno-kapitalistiske komplekset.

BØKER

Vi går inn for landing i opninga av Cathrine Knudsens sjette roman, «Den siste hjelperen». Eg-et som fortel, lèt att auga og gjer seg klar for at hjula på flyet skal treffe bakken, «fylt av tillit til den ukjente som betjener maskinen». Men flyet landar ikkje, og Knudsens prosa glid inn i ein merkeleg mellomtilstand, der lesaren ikkje er sikker på kva som skjer og ikkje: Sit forteljaren i eit fly, eller er ho ein slags drone i ein draum? Frå flygemaskinens fugle­perspektiv forsøkjer ho å sirkle inn bustadområdet og huset der ho bur med barna. Ho ser ikkje huset, ser ikkje barna, men kjenner dei:­ ­­«[F]ølelsene mine greier å hente ut de røde varmebølgene som kroppene deres avgir […]. Den røde lang­bølgete strålingen som gjør at alt levende røper seg. Som utleverer alt levende som prøver å gjemme seg.»

«Den siste hjelperen» føregår i ei verd der det har blitt vanskeleg å skilje det kunstige og livlause frå det naturlege og levande. Knudsen fortel i eit kjølig, men svært merksamt språk, som finn seg til rette i dei merkeleggjorte omgivnadane, der til dømes syntetisk gummigranulat frå barne­fotballens kunstgrasbaner har byrja å blande seg i den levande naturen: «Det virker som om ingen legger merke til randsonene som har oppstått på utsiden av gjerdet rundt banen. Der har gummigranulatene blandet seg med jord, i en skråning som nå ligger der brakk, omtrent halvt om halvt jord og gummikuler. Ingenting vokser der.»

Fakta

ROMAN

Cathrine Knudsen

Den siste hjelperen

Pelikanen 2018, 272 sider

Kapitla i romanen kan kvar for seg likne sjølvstendige undersøkingar av delane i eit større problemkompleks. Dei er haldne saman av menneskelege relasjonar, men utviklinga i romanen går bort frå det menneskelege: Banda mellom menneska og tilhøyrsla til stadane dei har bygd og budd på, er i ferd med å rakne.

Den namnlause forteljaren har to barn, og har nyleg flytta frå ein gard til ein drabantby, etter at ektemannen døydde. Ho har bestemt seg for å selje ei nyre, for å få tid og krefter til å sørgje betre for barna. Ho arbeider i ein demenslandsby, ein institusjon forkledd som eit lokalsamfunn, der dei tilsette er «medboere» for bebuarane. I institusjonen, som ber namnet Viljen, kan dei pårørande velje mellom ulike livsstilar for bebuarane, slik at dei skal oppleve landsbylivet som eit naturleg framhald av deira tidlegare liv.

Gjennom arbeidsplassen blir forteljaren dregen inn i ei drygare form for omsorgs­tenesteyting. Organisasjonen «Englene» driv med profesjonalisert dødshjelp, og opererer i ei moralsk gråsone mellom aktiv og passiv dødshjelp. Lesaren blir konfrontert med det som her blir kalla «livsforvaltning»: «Når den som eier livet ikke lenger vedkjenner seg det, hvem tilhører det da?» Nemninga ’Den siste hjelperen’ blir brukt om dei som frivillig tek oppgåva med å følgje folk til døden, og som er vitne når dei døyr av eigen vilje. Det er ein sjølvvald død i rammer som er sytt for av andre.

Knudsen gir ikkje lesaren mykje å filtrere dei vanskelege spørsmåla som melder seg, gjennom. Det gjer romanen genuint ubehageleg og uhyre interessant.

Trass i at «Den siste hjelperen» har oppsiktsvekkjande plotelement, er romanen nærast demon­strativt lite medrivande. På nokre punkt minner universet meg om filmane til den greske regissøren Giorgos Lanthimos. I ei rekkje filmar, sist «The Lobster» (2015) og «The Killing of a Sacred Deer» (2017), byggjer han fantasi­univers med eigne narrative logikkar, og utforskar vilkåra for liv i spennet mellom menneske- og samfunnskropp. Filmane kan vere forvirrande, men ein finn seg snart nok til rette i ei forvridd form for realisme. Også hos Knudsen er det vridingar i verkelegheita, men fiksjonen hennar ligg nærare vårt samfunn i vår tid: Han er mindre poserande, minner mindre om ein parabel, og kjennest meir akutt relevant – om han enn også er mindre underhaldande enn Lanthimos’ film­forteljingar.

Det er mykje som er ope hos Knudsen, og ein del stoff finn seg ikkje heilt til rette i den tematiske klynga i romanen. Forteljaren gjer seg til dømes nokre tankar om eigen oppvekst, der ho gjennom klasse- og familie­tilhøyrsle har fått planta i seg ein rasisme og menneske­forakt som ho har lært seg å halde attende. Tankane kunne ha utvida innsirklinga av dei sosiale vilkåra for menneskesynet til forteljaren, men synest skisseaktige og glid ikkje så godt inn i romanen.

«Den siste hjelperen» er tematisk rik, og handlar om liv og død, omsorg og aldring, produksjon og reproduksjon, og om menneskeleg tryggleik og tilhøyrsle under det tekno-kapitalistiske komplekset. Dette komplekset utleverer både menneske og dyr til den teknologiske og økonomiske utviklinga, i eit system som synest uoverskodeleg. Knudsen gjer systemet synleg ved å vri litt på formene det tek i vår tid. Demenslandsbyar er til dømes under planlegging i Norge, om dei enn ikkje har fått avleggarar i dødshjelp, som i Knudsens versjon.

Når ho skildrar slike utglidingar, kunne det fort ha verka deterministisk eller alarmistisk, om det ikkje var for den udramatiske tonen ho held i boka. Knudsen kjem seg på innsida av forteljarens livs- og menneskesyn, som er gjennomsyra av samfunnets ordningar, men som framleis søkjer seg mot varmebølgjene frå andre menneske.

Eit ord som ’protest’ er framandt for romanen, men «Den siste hjelperen» er ei stillfaren åtvaring om «livsforvaltning» etter kapitalen og teknologiens lover.

bokmagasinet@klassekampen.no

Lørdag 16. juni 2018
Arbeiderpartiet: Partisekretæren vurderer Gerhardsen av i dag.
Lørdag 9. juni 2018
Demokrati: Magnus E. Marsdal undersøker den forestilte motsetningen mellom frihet og likhet, i Norge og i USA.
Lørdag 2. juni 2018
Samtidssatire: Virginie Despentes analyserer dagens tidsånd med en falmet platebutikkinnehaver fra generasjon X som linse.
Lørdag 26. mai 2018
Tilpasning: Juli Zeh trekker opp et stort moralsk og politisk lerret, men romanen går ikke dypt nok inn i hovedpersonens psykologi.
Lørdag 19. mai 2018
Ujålete: Oda Malmin skriv om korleis sams tap kan binde saman.
Lørdag 12. mai 2018
Utforskar: Bøkene til Ingrid Z. Aanestad og Terje Holtet Larsen om lesing og skriving understrekar forlaget sin litterære profil.
Lørdag 5. mai 2018
Rød: Lerstangs brak av en bok framhever fellesskap og samhold.
Lørdag 28. april 2018
Skulpturelt: Roy Jacobsens essay om moren og Vigelandsanlegget er høydepunktet i en sterk antologi om offentlig kunst.
Lørdag 21. april 2018
Tospråkleg: Vigdis Hjorth sjanglar stødig mellom det personlege og det allmenne i fire essay om store mannlege forfattarar.
Lørdag 14. april 2018
Stillfaren: Cathrine Knudsen skriv eigenarta undersøkingar om vilkåra for liv i det tekno-kapitalistiske komplekset.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk