KUTTPOLITIKK: SVs helsepolitiske talsperson og SU-leiaren er to av dei som meiner SV bør gå mot omskjering av gutar. I helga står slaget.
I helga skal landsstyret i SV ta stilling til eit vanskeleg dilemma: Bør partiet gå inn for at omskjering av gutar skal vere forbode i Noreg? Den eine sida meiner dei tek omsyn til barns beste, medan den andre sida peikar på at omsynet til den jødiske minoriteten i Noreg må vege tyngst.