Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Stadig fleire elevar får dekka skyss til og frå skulaneDet aukar risiko for rygg- og leddplager, seier ny forsking

Skuleskyss øydelegg folkehelsa

REISEVEG: Karen Aarland er ein av dei mange skuleelevane som kvar dag tek bussen til og frå skulen. Gunnar Wiederstrøm

HELSE: Kvar fjerde elev som må nytte skuleskyss, har fysiske plager av skyssen, særleg om han er lang. Overvekt kan vere ei av følgjene.

Ved haldeplassen på Sagstad i Bergen står Fabio og Karen Aarland og ventar på bussen i lag med barne- og ungdomsskuleelevar i bygda. Yngstemann Fabio skulle framleis ha gått på Nordvik skule, som ligg berre eit steinkast unna, men bystyret i vestlandshovudstaden ville det annleis.