Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det svake kjønn i idretten

SKJØRE JENTER? Kvifor kan ikkje Maren Lundby og andre kvinner hoppe i storbakke i OL, spør Mailiss Solheim. Her med Anna Odine Strøm og Silje Opseth etter hopprennet i Holmenkollen. © FOTO: TERJE BENDIKSBY / NTB SCANPIX Bendiksby, Terje

Vinter-OL 2018 er historie. Vi kan glede oss over at Marit Bjørgen er den olympiske utøvaren med flest medaljar og flest gull. I år fekk vi også ein norsk, kvinneleg olympisk meister i hopp. Dette var andre gongen kvinner fekk lov å hoppe i OL – eit steg i riktig retning. Gifte kvinner fekk opphavleg ikkje lov å delta i dei olympiske leikane, korkje som utøvar eller tilskodar. Men framleis vert kvinnekroppen sett som for skjør til å spele med same reglar som menn.