Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nedtona: Historia er sterkare enn det poetiske språket i debutsamlinga til Svanhild Amdal Telnes.

Knappe dikt om traume

Om du spør ein sunnmøring korleis det går, kan du få svar som: – Eg kan no ikkje anna enn å klage! Eller: – Å, du veit … eg har no til salt i såret! Det er kanskje fordi eg er oppvaksen med denne måten å vitse vekk det vanskelege på, at eg har trøbbel med å finne rett frekvens når eg les opningsdiktet i debutsamlinga til Svanhild Amdal Telnes.