Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vekstsesong

Ein dag snart vaknar me og det er vår. Visste du at det er ein farge som heiter blu madonna på italiensk? Ein mjuk, klar blåfarge som dei kleda ho ofte er sveipt i på måleri. Eg veit ikkje kvifor eg kom på det. Me kan ha middag ute, då. Me kan kjøpa med oss brød og vin og ost og små søte tomater og hummus og kanskje aprikosar eller misplar viss dei har kome. Me kan ta med duk og breia ut. Ein kniv, og skikkelege glas å drikka av. Viss det bles kan me sitja inni ruinen, lena oss på dei ruglete steinane.

Diktet vil fremføres kl. 13 Påskeaften i Mariakirkeruinene i Middelalderparken i Oslo, som del av arrangementsrekken «Påske og pasjon» .