Du kan bla til neste sideBla med piltastene

ARBEIDSLIV

Under huda

NYTT LAND: Det var ei stor avgjerd for hudpleiar Karolina Szczotok å flytte frå Polen til Noreg. Men ho har ikkje angra. Christopher Olssøn

Fleire av kundane til hudpleiar Karolina Szczotok er som familie for henne. Men ikkje alle.

Når Karolina Szczotok kjem attende til Oslo etter besøk i heimbyen Rybnik heilt sør i Polen, kan ho kjenne lukta av kol som sit att i jakka hennar. Under kommuniststyret vart det satsa stort på kolutvinning i området. Framleis finst det aktive miner der, og folk nyttar kol til å fyre med. I Oslo er lufta tusen gongar betre, seier ho, trass i at oslofolk ofte klagar over bylufta.