Klassekampen.no
Onsdag 21. mars 2018
8ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM
Norske kvinner får færre born. Det er korkje overraskande eller farleg.
Fødselskrise?

Statistisk sentralbyrå sin nyaste befolkningsrapport viser at norske kvinners gjennomsnittlege fertilitet (det vil seie talet på levandefødde born per kvinne) har gått ned frå 1,9 i 2007 til 1,62 i 2017. Denne informasjonen har utløyst nær paniske reaksjonar. For eksempel Harry Tiller i Adresseavisen snakkar om «fødselskrise» og klager over at «nå gidder vi ikke engang lage barn». Andre kommentatorar jamrar seg over at Norge er i ferd med å bli avfolka. Alle kommentarar framstiller denne utviklinga som om ho er særeigen for Norge.

Men slik er det ikkje. Serleg i økonomisk relativt høgt utvikla land har fertiliteten gått ned dei siste 40 åra. For 2015 rapporterte Verdsbanken og FN at kvinners fertilitet i Norge var 1,8. I 56 andre land var fertiliteten like låg eller lågare enn i Norge. Blant desse landa finn vi Danmark, Finland, Belgia, Nederland, Tyskland, Italia, Spania, Portugal, Storbritannia, Sveits, Japan, Russland, Sør-Korea, Canada, USA og Kina. For EU samla var fertilitetsraten i 2015 endåtil lågare enn i Norge i 2017, nemleg 1,6.

FN fastset at ein fertilitet på 2,1 på lang sikt, utan netto inn- eller utvandring, vil sikre eit stabilt folketal. Med andre ord: ein fertilitet høgre enn 2,1 inneber befolkningsvekst; ein fertilitet lågare enn 2,1 inneber befolkningsnedgang ved at fødselsraten blir lågare enn mortalitetsraten. I befolkningsrapporten for 2017 skriv FN: «Befolkningsveksten er vedvarande høg spesielt i gruppa av 47 land som FN kallar dei minst utvikla landa, inkludert 33 land i Afrika. … I skarp kontrast reknar vi med at befolkningane i 51 andre land eller område i verda vil gå ned mellom 2017 og 2050.»

Her rører FN ved eit viktig forhold: Høgt økonomisk utviklingsnivå målt i BNP per capita er assosiert med låg fertilitet og låg eller negativ befolkningsvekst, medan det motsette gjeld for land med lågt BNP per capita. For 16 industrialiserte land har demografen Massimo Livi-Bacci korrelert kvinners fertilitet med BNP per capita (målt med kjøpekraftsjusterte US dollar i faste prisar) over perioden 1870–1987. Ved 2000 dollar per capita er fertiliteten godt over 4,0; ved 12.000 dollar per capita er han komen under 2,0. Låg fertilitet og befolkningsnedgang er så å seie prisen for høgt økonomisk utviklingsnivå.

Oppstyret om lågare fertilitet har sannsynlegvis samanheng med at han kombinert med stigande levealder fører til aldring av befolkninga i ein overgangsperiode. Det betyr at den såkalla «forsørgingsbyrda for dei eldre», det vil seie talet på personar over 65 år dividert med talet på personar i gruppa 15–64 år, stig. I Norge har denne brøken ifølgje FN og Verdsbanken auka frå 18 prosent i 1960 til 25 prosent i 2016.

Men også når det gjeld denne indikatoren, står Norge seg godt. I den same perioden var auken i Finland frå tolv til 33 prosent, i Sverige frå 18 til 32, i Danmark frå 17 til 30, i Tyskland frå 17 til 32, i Frankrike frå 19 til 31, i Italia frå 15 til 36, i Spania frå 13 til 29, i Storbritannia frå 18 til 29, i EU-landa samla frå 15 til 30, og i Japan frå ni til 44 prosent.

Som vi ser: Ingen av dei nemnde landa hadde så låg «forsørgingsbyrde» som Norge i 2016. Takka vere svært stor innvandring kom USA betre ut, med ein forsørgingsbrøk på 23 prosent i 2016. I perioden 1950–2010 hadde USA og Canada ei total nettoinnvandring på 51 millionar, i hovudsak frå Sør-Amerika, som representerte ein fjerdedel av befolkningsveksten i denne perioden.

Også i Europa er veksten i forsørgingsbrøken blitt bremsa av innvandring, men ikkje i same grad. Historisk har Norge og resten av Europa hatt stor netto utvandring. Livi-Bacci peikar på at for første gong sidan mellomalderen vart Europa nettoimportør av menneske i 1970-åra. I perioden 1990–2010 hadde EU-landa ei nettoinnvandring på 25 millionar, som i 2010 utgjorde cirka fem prosent av den samla befolkninga.

Foreldrepermisjon og barnehagar har utan tvil bremsa nedgangen i kvinners fertilitet i Norge. Men skal vi tru Livi-Bacci, er det mest sannsynleg at fertiliteten vil stabilisere seg på eit lågare nivå enn 2,1. Då blir nettoinnvandring einaste utvegen for å motverke den forbigåande aldringa og stabilisere folketalet, om det er ønskjeleg. Det er ei overflod av menneske i verda. Ein overgang frå veksande til stabilt folketal vil vere eit stort gode både for menneska og for naturmiljøet.

rune.skarstein@svt.ntnu.no

Økonomane Morten Jerven, Erik S. Reinert, Rune Skarstein, Camilla Øvald, Chr. Anton Smedshaug og Ebba Boye skriv onsdagar i Klassekampen.

Artikkelen er oppdatert: 10. april 2018 kl. 13.59

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk