Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Grensa

  • And now for something completely different, som Monty Python sa då dei spora av nyheitsbiletet. Også i dagar som desse gjeld det å løfte blikket, for eksempel over grensene og inn i påskehøgtida. Den svenske krona har svekka seg seks prosent mot den norske sidan årsskiftet, og dette er «en gladnyhet for alle som tar seg bryet med å reise over grensa for å handle, eller for dem som for eksempel skal tilbringe påskeferien i Sverige», seier forbrukarøkonom Elin Reitan i Nordea til E24. Det betyr at ei handlevogn med svensk flesk som kosta 300 kroner i januar, no kostar berre 282 kroner. Hipp, hipp hurra!