Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Av og til er løysinga på sosiale problem å erklære at dei ikkje finst lenger.

Inn i varmen

NULL PROBLEM: «Perverse vaksne» vart sett på som problematiske, men korkje straff eller behandling fungerte. No er homoseksualitet likestilt som eit seksuelt uttrykk. Her frå Pride i Køln. FOTO: CAROLINE SEIDEL, AFP/NTB SCANPIX CAROLINE SEIDEL

I dei tre første binda av Michel Foucaults utlegging av seksualitetens historie frå syttiåra finst det tre figurar som blir oppfatta som trugsmål mot modernitetens sosiale orden. Den sosiale ordenen består til ei kvar tid av ein seksualøkonomi som regulerer erotikken og nytinga slik at dei blir kanaliserte inn i former som styrkjer produksjonssystemet og murar opp under klassemakta. Modernitetens økonomiske system bygde på kapitalakkumulasjon, privat eigedomsrett, ryddig overføring av midlar mellom generasjonane, og kravde ein seksualøkonomi som disiplinerte arbeidsstokken, fornekta og regulerte kvinners rett til seksuell lyst, men sikra tilgangen til nyting hos menn med kapital så framt dette skjedde i former som ikkje sette arv og familiens eksistens på spel. Kort sagt.

Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Kristina Leganger Iversen og Sumaya Jirde Ali skriv i Klassekampen måndagar.