Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Trua på ordet: Stolar vi ikkje lenger på den bildelause teksten?

Teksten som oase

Meir enn nokon gong lever vi i bilda sin tidsalder. Dei har på sitt vis tatt makta frå oss. Vi omgir oss med bilde, ikkje minst dei hurtige, flyktige bilda og videoklippa som poppar opp overalt i feeden vår på Facebook, Instagram, Snapchat. Vi les færre bøker, men ser fleire TV-seriar. Sjølv bøkene si verd, dette mediet som har vore alt overlegent i hundrevis av år, blir invadert av bilde. Det skjer ikkje berre når vi i våre bokmagasin intervjuar forfattarar og trykker teksten med flotte fotografi av dei som er intervjua, men også når vi melder dei nye bøkene deira og ofte lar den vurderande teksten stå på avissida med eit bilde av forfattaren – jamvel om det ikkje er forfattaren som blir meld, men hennar eller hans verk.