Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eit nytt namn løyser alt.

Namneleiken

Namnet ditt seier så altfor mykje om den du er. Har du bindestrek i fornamnet, veit alle at du er frå Sunnmøre før du opnar kjeften. Slenger venene dine på ein -i på slutten av namnet ditt når dei ropar på deg, (her er «Påli», «Gerri» og «Kjelli» såkalla gode døme), forstår dei rundt at du er frå dei meir lugubre delane av Jæren. Insisterer du på å seia «Majorstuen» framfor «Majorstua», forstår alle at du ikkje betalar skatt.