Lørdag 17. mars 2018
NORSK: Skagen ser, til liks med mange andre, haugianismen som grunnlaget for nasjonal identitet i moderne tid. ILLUSTRASJON: «HAUGIANERNE» (ADOLPH TIDEMAND, 1848), SNL.NO
Houellebecqs papegøye
Skurrar: Kaj Skagen skriv rikt og ofte råkande om norsk tru og tanke, men i samtidsdiagnosen brusar han med lånte fjør.

BØKER

I ein kommentar om Kaj Skagens førre bok, ein biografi om den unge Rudolf Steiner, lurte Fredrik Wandrup i Dagbladet (16. mai 2015) på når «denne eventyrlige mannen» skulle skrive sin eigen sjølvbiografi. Tre år seinare ligg boka føre, ikkje i form av ei livshistorie, men som eit intellektuelt sjølv­portrett fordekt som «et lands biografi», slik undertittelen til «Norge, vårt Norge» lyder.

Dette er sjølvsagt ei overdriving, men ei idé­­historie som framstiller industrireisinga som ei øydeleggjande mørketid og omtalar kvinnesak berre gjennom abortkamp, som knapt nemner den norske nazismen og knapt rører ved noko som kan forklare tankegodset til terroristen frå 22. juli 2011, som utelèt Ivar Aasen og Marcus Thrane, men ryddar plass til Richard Eriksen, «den moderne okkultismens pioner i Norge», er ingen biografi om Norge i mi bok(hylle). Så omtalar også forlaget dette som «en personlig norgeshistorie», og forfattaren vedgår at han har vore «selektiv og personlig» og følgd dei spora han har funne vesentlege for å forstå «det norske», slik det har kome til uttrykk sidan Hans Nielsen Hauges tid.

«Norge, mitt Norge» ville ha vore ein meir dekkjande tittel – for ikkje å seie «Skagen, du Skagen» – men det ville også lagt ein dempar på det provokative potensialet i boka. Og, det skal Skagen ha: «Norge, vårt Norge» er eit fundamentalkritisk og kranglevore idéhistorisk arbeid frå ein skarpskodd einegjengar i vårt land i vår tid.

Fakta

sakprosa

Kaj Skagen

Norge, vårt Norge. Et lands biografi

Dreyer 2018, 428 sider

Skagen kryssar rett nok spor med andre einsame sylvrevar, ikkje minst Terje Tvedt, men einegjengar- etosen er der frå starten av: Han skal ikkje «hylle det som allerede hylles, men […] avdekke det som er inn­hyllet». Kjernen i norges­portrettet hans ligg i forliket mellom tru og tanke – og i dette forlikets forfall, gjennom fortrenginga av mystikk og metafysikk. Gjennom figurar som Hauge, Ole Vig og Christopher Bruun, og deira møte med moderne vitskap, fridomsstrev og fornuft, blei «idémystikk» og opplysning foreina, og var med å sikre både individuell og politisk sjølvråderett.

Men heilt frå kristendoms­kritikken og det seksuelle opprøret hos kulturradikalarar som Georg Brandes («estetikkens leninist») og Hans Jæger («Brandes’ monstrum»), har dette forliket gradvis blitt forlate til fordel for positivisme og platt materialisme, seinare statsfesta gjennom eittpartistaten. Så vaks «tredjeverdenismen» fram, som ifølgje Skagen har uniformert «norsk befolkning i en felles forkastelse av det nasjonale». I dag lever vi såleis i ein sjølvforaktande formyndarstat der fråkopla styringselitar administrerer folket gjennom marknad, domstolar og byråkrati: «Å oppdage og bryte ut av dette husmannsvesenet blir vår fjerde frigjøring etter 1814, 1905 og 1945.»

Skagens blikk på historia er uttalt prega av samtida vår og av forfalls-teikna han finn der. Ei viss moralisering gjer seg godt i eit historisk kampskrift som dette, men Skagen dreg det vel langt når han hevdar at det norske åndslivet har blitt eit disharmonisk «sengefellesskap mellom hypersekularisme og religiøs fundamentalisme» – det første uttrykt i den utopiske transhumanismen, det andre i aksepten av konservativ islam.

Skagen er tydeleg, og tidvis overtydande, i omtalen av positivismens gamle og nyfrelste faneberarar. Den stormannsgalne norske omsorga for den tredje verda er utførleg skildra, men omfamninga av islam ganske anekdotisk dokumentert, og det overraskar meg at Skagen gjer det til eit berande punkt i konklusjonane sine. At det skal gå ein «idémessig fullstendig sammenhengende sti» frå den norske marxisme-leninismen og «inn i islam», og at kjærleiken til islam har festa seg som rådande ideologi gjennom kulturradikalismens siger og dei desillusjonerte tredjever-denistane sitt inntog i akademia, media og litteratur, får eg verken til å stemme med kartet eller terrenget. Mot slutten av boka stig ein viktig premissleverandør for desse tankane fram frå skuggane: Michel Houellebecq og romanen «Underkastelse» (2015).

Houellebecq er eit «kulturelt barometer» for Skagen, og den visstnok profetiske diktaren – Skagen synest å tru på det sjølv – blir tilskriven real røyndomseffekt i varslinga av komande uår. Houellebecqs trykkmålingar er rett nok «ekstreme uttrykk», men likevel «skriften på veggen for en kultur som hadde vendt seg mot seg selv», og han adopterer såleis franskmannens kulturpessimistiske diagnosar. Men rykta om at norske makthavarar sleikar imamar oppetter ryggen er betydeleg over-drivne, og i overføringa av Houellebecqs analyse frå Frankrike – der den sekulære ryggrada er sterkare og den muslimske minoriteten større – til Norge, framstår Skagen mest som Houellebecqs norsktalande papegøye. Er verkeleg omfamninga av konservativ islam eit dominerande drag i den norske samtida?

Sams for Skagen og Houellebecq er sansen for og evna til å svartmåle samtida på ein måte som verkar kveikjande på tanken. Det kulturelle svartsynet gjer likevel forteljingane deira til ganske einsidige forfallsforteljingar, og lesaren må sjølv finne ut kva som står til truande av samtidsdiagnosane som bøkene både er bygd på og munnar ut i. Den realhistoriske forankringa av tru- og tankestraumane i «Norge, vårt Norge» er sparsam, og det er ofte i forsøket på å forankre tankane at det skurrar litt i hjernen min. I denne skurringa melder det seg ein mistanke om at boka hadde vore meir balansert om Skagen tillèt seg å bry seg litt meir om «det som allerede hylles» – og eit like sterkt medvit om at det ville ha gjort boka mindre verknadsfull.

eivind.myklebust@klassekampen.no

Lørdag 23. juni 2018
Norsk syke? Øystein Noreng er kritisk til Norges næringspolitikk og petroleumsøkonomi.
Lørdag 16. juni 2018
Arbeiderpartiet: Partisekretæren vurderer Gerhardsen av i dag.
Lørdag 9. juni 2018
Demokrati: Magnus E. Marsdal undersøker den forestilte motsetningen mellom frihet og likhet, i Norge og i USA.
Lørdag 2. juni 2018
Samtidssatire: Virginie Despentes analyserer dagens tidsånd med en falmet platebutikkinnehaver fra generasjon X som linse.
Lørdag 26. mai 2018
Tilpasning: Juli Zeh trekker opp et stort moralsk og politisk lerret, men romanen går ikke dypt nok inn i hovedpersonens psykologi.
Lørdag 19. mai 2018
Ujålete: Oda Malmin skriv om korleis sams tap kan binde saman.
Lørdag 12. mai 2018
Utforskar: Bøkene til Ingrid Z. Aanestad og Terje Holtet Larsen om lesing og skriving understrekar forlaget sin litterære profil.
Lørdag 5. mai 2018
Rød: Lerstangs brak av en bok framhever fellesskap og samhold.
Lørdag 28. april 2018
Skulpturelt: Roy Jacobsens essay om moren og Vigelandsanlegget er høydepunktet i en sterk antologi om offentlig kunst.
Lørdag 21. april 2018
Tospråkleg: Vigdis Hjorth sjanglar stødig mellom det personlege og det allmenne i fire essay om store mannlege forfattarar.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk