Torsdag 15. mars 2018
BUR SEG PÅ REAKSJONAR: KrF-leiar Knut Arild Hareide seier no at KrF går mot norsk tilslutning til EUs energibyrå Acer og EUs tredje energimarknadspakke.
KrF seier nei til EUs tredje energimarknadspakke og EUs omstridde energibyrå:
Tek Acer til Høgsterett
KABELKNUTE: KrF meiner suvereniteten er viktigare enn Acer – og bed Høgsterett vurdere saka. Knut Arild Hareide seier norske interesser er meir enn økonomi.

KAMPEN OM KRAFTA

På Stortinget går dramaet om EUs tredje energimarknadspakke for fullt. I går sa Ap ja – men på vilkår.

KrF-leiar Knut Arild Hareide måtte bruke dagen heime med sjuk unge, men baud på både vaflar og ferske nyhende:

– Stortingsgruppa til KrF har avgjort at vi ikkje vil røyste for ei tilknyting til Acer, seier Hareide til Klassekampen.

Dermed blir Ap truleg åleine om å hjelpe Solberg-regjeringa til å få implementert EUs kraftpolitikk i Noreg.

Fakta

KrFs Acer-nei:

• Stortingsgruppa i KrF går mot norsk tilknyting til EUs energibyrå Acer.

• Dei vil at Høgsterett skal vurdere kor stor suverenitetsavståing det vil vere å tilslutta oss energisamarbeidet i EU.

• KrF vil fremje denne ordlyden: «Stortinget ber Høyesterett i samsvar med Grunnloven § 83 utarbeide en juridisk betenkning om Norges tilknytning til EUs tilsyn og byråer, samt hvilke rammer Grunnlovens bestemmelser gir for Stortingets behandling av Tredje energimarkedspakke og Norges tilslutning til EUs Agency for the Cooperation of Energy Regulators».

• Stortinget har ikkje kome til at Acer-saka må bli handsama etter Grunnlovas reglar for suverenitetsoverføring, som krev tre firedels flertall.

Suverenitet i tet

Det er eitt argument som trumfar dei andre for KrF: suverenitet.

– KrF er eit parti som er tydeleg for EØS, men vi har vore opptekne av suvereniteten heile vegen. Dette bør ikkje overraske nokon.

Denne vinteren har kampen om Acer gått frå å vere eit spørsmål for spesielt interesserte til å bli eit av dei viktigaste slaga på Stortinget. Kampen har vore særleg hard i Ap.

Hareide vil markere avstand til ein del av argumentasjonen som har blitt brukt mot Acer – sjølv om han altså fell ned på same side.

– For oss er det ikkje argument om pris eller samarbeid som er avgjerande. Vi er positive til det nordiske og europeiske kraftsamarbeidet, seier KrF-­leiaren, og legg til:

– Og vi har ikkje på nokon måte endra syn på EØS-avtalen. Den ligg fast.

Kallar på høgare makter

KrF vil no stille eit framlegg om at Stortinget bed Høgsterett om ei vurdering av suvereniteten (sjå faktaboks). KrF har òg tidlegare gått mot EU-direktiv som datalagringsdirektivet og patentdirektivet.

– Eg synst det er synd vi aldri har nytta oss av retten til å innimellom seie nei. EØS-avtalen hadde stått sterkare både hos folket og i politikken om vi gjorde det.

– Justisdepartementets lovavdeling har vurdert dette to gongar? Stoler du ikkje på dei vurderingane dei har gjort?

– Det er jo sånn at lovavdelinga har ein slags posisjon i Noreg som uavhengig, men ho er jo ein del av den utøvande makta. Vi kjem ikkje til å bry Høgsterett med store oppgåver framover, men vi synst spørsmål om vår nasjons suverenitet står i ein særklasse. Det meinte den førre stortingsgruppa vår om EUs finanstilsyn, og det meiner vi no om Acer, seier Hareide.

Han legg til at saker som gjeld råderett over naturresursane våre vekkjer eit sterkt engasjement i folket.

– Det gjer at vi kjenner eit særleg ansvar for å vere trygge før vi gjer det. Vi må konstatere at dét særlege ansvaret kjenner ikkje Høgre, Frp, Venstre og Arbeidarpartiet på.

Budd på bråk

– Kva tenkjer du om åtvaringane frå Støre om at EU kan svare med straff?

– Vi må ta vare på EØS-avtalen framover. Eg er budd på at EU vil svare, men det er akkurat som med postdirektivet: Vi sa ikkje ja til postdirektivet fordi vi meinte Ap sette EØS på spel – det gjorde dei ikkje. Vi står støtt på EØS.

– Høgres Tina Bru meiner dette fyrst og fremst er eit spørsmål om klima, og at Noreg kan bidra til å forsyne Europa med grøn kraft.

– Vi kan kombinere tettare samarbeid med vår suverenitet. Det er 60–70 år sidan sist vi bad Høgsterett om ei slik vurdering. Med den utviklinga som har vore i saka siste døgn, skal det ein del til for at vi får fleirtal, men om dei kom med ei vurdering som sa dette ikkje var eit problem, skulle vi vurdert saka på nytt, seier KrF-leiaren.

Ikkje alle var einige

– Kan eit nei til Acer vere i strid med norske økonomiske interesser? Vi eksporterer jo kraft og tener pengar på det.

– Det er alltid sånn. Eit nei til postdirektivet eller eit nei til datalagringsdirektivet kan jo vere krevjande for nokre av våre interesser. Men vi må seie: Kva er i norsk interesse? Det er i norsk interesse å ta vare på suvereniteten vi har som nasjon. Eg meiner KrF best tek vare på norske interesser med å få ei tydeleg avklaring på dette med suverenitet, og derfor seier vi nei.

– Det var delte meiningar om dette i stortingsgruppa?

– Vi har hatt ein god debatt. Vi er eit EØS-parti, og då er det naturleg at det er stort engasjement rundt denne typen saker. Det har vore diskusjon rundt spørsmålet, svarer Hareide.

politikk@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 15. mars 2018 kl. 10.20
Fredag 20. april 2018
KARAKTERER: Norge er flinkere til å innføre EU-regler enn EU-landene selv. Kun fire direktiver gjenstår, viser nye tall fra Esa.
Torsdag 19. april 2018
SKODDEHEIMEN: Utanriksopposisjonen på Stortinget vil ha svar om militsane i Syria.
Tirsdag 17. april 2018
FORSLAG: I SV skapar fleirtalet mot omskjering steile frontar. Både i Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne kjem forslag om aldersgrense mot omskjering på agendaen i mai.
Mandag 16. april 2018
KRIG: Venstres leder Trine Skei Grande er nå fast medlem i regjeringens sikkerhetsutvalg. Hun lover åpen debatt om nye internasjonale operasjoner i ­Stortinget.
Lørdag 14. april 2018
STRAFF: Rebekka Borsch vil ha Venstre-landsmøtet med på at partifeller som trakasserer, skal kunne fratas tillitsverv. Statssekretæren forteller at hun i årevis har blitt trakassert av en lokallagsleder.
Fredag 13. april 2018
BRØYTEBIL: Bjørnar Moxnes har fått mer tro på Stortinget etter å ha oppholdt seg der i et halvt år. Men Rødt-lederen vil ikke være lojal til Stortingets regler og snakker om «brøytebil­parlamentarisme».
Onsdag 11. april 2018
UT MOT EGNE: Frp kan i tolvte time redde 700 sjøfolk som frykter for jobben. Striden om Color Lines flagg er dermed ikke over.
Tirsdag 10. april 2018
AVGJØR: Med Audun Lysbakkens dobbeltstemme innstiller SVs sentralstyre på å avvise forslaget om å innføre aldersgrense for omskjæring av guttebarn.
Mandag 9. april 2018
STRATEGI: Høyres strategi for fortsatt regjeringsmakt er å okkupere sentrum i norsk politikk. Partiet håper en moderat linje vil tvinge Ap til å føre «SV-­politikk».
Onsdag 28. mars 2018
STØTTE: Opposisjonen støtter utenriksminister Ine Eriksen Søreides beslutning om å utvise en russisk diplomat. Rødt vil ha «snarlig oppklaring» i saken.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk