Klassekampen.no
Onsdag 14. mars 2018
Trakasseringsutval? Har me ikkje nok trakassering frå før?
Monstermars

Det var naivt av meg å tru at mars skulle bli monsterfri og trakasseringsfri; det skjedde ikkje. Så då må eg ta forklaringa og bakgrunnen.

Monster er lettast. Det kjem frå latin, monstrum, og norsk har fått det frå fransk, monstre, der det har vore i bruk like sidan 1200. På den tida var det oftast knytt til overnaturlege eller religiøse teikn; slikt som viste seg for menneska, og som kunne verka farleg. Først langt seinare, etter 1700, dreia ordet i retning av forferdeleg, skremmande, kriminelt. Monster er altså eit ord som har fått ei sterkare meining etter som tida har gått.

Når det gjeld Listhaugs bruk av monster om personar som misbrukar barn, får ikkje dét meg til å rykkja ut. Det er til å forstå, men dei fleste ville nok – med rette – unngå å nytta ordet i offentleg debatt. «Jeg går ikke inn i den typen diskusjoner», svara Erna Solberg til Aftenposten. Typisk?

Trakassering er, som monster, frå fransk. Verbet der heiter tracasser. Det kjem frå traquer (forfølgja eit spor, gå fort), som igjen kjem frå tracer (trekkja; dra) – jamfør det meir kjende ordet trace på engelsk. Ordhistoria er altså ganske kronglut. Alt stammar frå latin trahere, som tyder dra eller trekkja. Til dømes er kontrakt noko som er drege i hop, kontraksjon er samantrekking, traktor er ein trekkjar. Først etter 1800 fekk trakassera meininga å fotfølgja, trakka på; sjikanera.

Arbeidarpartiet vil visst setja ned eit trakasseringsutval. Partiet ville auka oppslutninga si om dei held internkurs i kva språkleg kvalitetssikring eigentleg inneber. Dei fleste meiner det er nok no, om ikkje Ap òg skal setja ned eit utval for å driva trakassering. Men for all del – me har solid tradisjon for håplaus politisk ordbruk. Stortinget har vedteke ei likestillings- og diskrimineringslov, med tilhøyrande ombod. Som om me ikkje har nok diskriminering!

Så meir lystelege saker. NSB sel no dyrefrie sete. Har dei desinfisert seta? Nei, det er sete i vogner med forbod mot kjæledyr. I Østbanehallen i Oslo og i Kunsthallen i Kristiansand kan du sjå dette skiltet: alarmert område. Alarmerande! I den grad dette har meining (på norsk), må det blir eit oppskremt område. For ‘alarmert’ kan bety (eg rår ingen til å bruka det) ‘redd; skremd’.

Nyleg brukte Aftenposten overskrifta Vanskelig dilemma. Eit dilemma er per definisjon vanskeleg. Det burde desken vita. Her nyttar det ikkje å koma unna med at språket ‘utviklar seg jo’ ... Vanskelig sak eller Vanskelig spørsmål hadde vore perfekt.

Ansvarlege for vegskilta burde få ei klekkeleg bot, for ‘opphøyd gangfelt’, det går ikkje an! Me skal rett nok ha respekt for gangfelt, men også der går det grenser. Problemet blir ikkje løyst (det blir vel verre) med ‘oppheva gangfelt’. Sjå til Vestlandet! Dei har heva gangfelt. Enkelt og greitt.

Dagens topp hentar eg frå Sørlandet. Utanfor ei såkalla ‘trefoldighetskirke’, der det tydelegvis var ein garasje under, stod dette prangande skiltet:

Barn leker

Nedkjøring forbudt

unntatt kirkens ansatte

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Monster har fått ei sterkare meining etter som tida har gått»

Artikkelen er oppdatert: 10. april 2018 kl. 14.32
Onsdag 9. mai 2018
Ingen månad er så prega av kunnskapsprøving som mai. Her kjem eit bidrag til eldre som ofte er rådgjevarar, og til yngre som er utøvarar.Først -ning og -ing: -ing fortel om handling,...
Onsdag 2. mai 2018
Den 1. mai byrja i 1889. Og rørsla, die Bewegung, the movement, le mouvement har halde seg. Fordi mange nok stiller opp. Men eg melder eit sakn: Eitt ord var mykje fråverande i talane i går,...
Onsdag 25. april 2018
«Wara for Listhaug» var Klassekampens kreative overskrift i byrjinga av månaden. Den nye ministeren kom som vara for den tidlegare ministeren... Ein desktiar og blink me ikkje ser kvar dag. Etternamnet til...
Onsdag 18. april 2018
Aker og Acer, fru Blom? Acer er, dessverre, i ferd med å bli eit av årets ord. Kva tyder det eigentleg, dette som også går under omtalen «den tredje...
Onsdag 11. april 2018
Livet vaknar i april. Latin aprilis er «den som opnar (året)», opplyser norske ordbøker. Den autoritative franske Grand Robert skriv derimot at april har kome frå gresk
Onsdag 4. april 2018
Turid Farestvedt (og nokre til) lurer på dette med aksentar. Ho ser eg skriv òg (også), for å skilja det frå bindeordet og. Uttalen er jo den same – /åg/. Eit betimeleg spørsmål.
Onsdag 28. mars 2018
Eg vil på ingen måte vera respektlaus i påskeveka. Men det er så mykje påskestoff i dei fleste aviser at eg i dag vel å skriva om noko så aktualitetsuavhengig som ‘skål’. Eg presiserer igjen, for å møta all eventuell...
Onsdag 21. mars 2018
Ein vaken lesar, Tore Været, gjorde merksam på at i same nummer av Klassekampen som eg skreiv om forleddstilknyting, stod det, tre sider lenger bak, om ferjefri E39 på Vestlandet. SV ville slå eit slag for

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk