Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nato og Russland driv eit farleg rustingskappløp i nordområda.

Den nye, kalde tida

Etterretninga gir oss all grunn å bli redde: Nato og Russland driv ei massiv opprusting og eit militært kappløp i nordområda, i og nær Norge. Denne veka gav etterretningssjefen ein skremmande rapport i Oslo Militære Samfund. Morten Haga Lunde fortalde at Russland det siste året øvde på flyangrep mot militære mål i Norge tre gonger. For eitt år sidan flaug ni russiske bombefly i angrepsformasjon direkte mot radaren i Vardø. I mai i fjor gjekk russiske fly «til angrep» på ein Nato-flåte utanfor Troms, og veka etter var dei på tokt mot flybasen i Bodø. På toppen av alt flytta Russland missil som kan bera atomvåpen, heilt til Petsjengadalen, få mil frå grensa til Norge.