Klassekampen.no
Onsdag 7. mars 2018
Guds nåde, dronningar og ein og annan knaus i skisporet.
OL-blomstrar

– Kva har Jens Stoltenberg, Jon Lilletun og Ivan den grusomme sams?

Det var landsmøte i Arbeidarpartiet på slutten av nittitalet; eg hadde fått ordet og såg ut over eit alvorleg hav av sosialdemokratar – tenkte det kunne vera på sin plass å opna kjapt og uventa. Men heile salen, trøytt etter to dagar med innlegg, såg berre tomt fram då eg gav fasiten: førenamnet! Ingen reaksjon. Med unntak av Martin Kolberg! Han lo frydefullt. Nederlaget mitt var uansett eit faktum: Det fekk fanden fordi han var dum, og ikkje berekna sitt publikum. Eg prøvde aldri meir å vera morosam på Aps landsmøte ...

I dag, i etterkant av OL, stiller eg spørsmålet igjen: Kva har Johannes, Jens, Jon og Ivan til felles? Det er nemleg 21-åringen frå Trøndelag som representerer opphavet til desse ulike namna. For Johannes kjem, via gresk, frå hebraisk, der namnet tyder ‘Gud er nådig’. Johannes har vorte utruleg populært i Europa. Det har generert ei heil namnevifte. Tysk Hans, italiensk Giovanni, skotsk Sean, ungarsk Janos og finsk Juhani er fem døme, ved sida av dei tre eg nemnde i starten. Med alle sine variantar er Johannes det mest populære mannsnamnet i vestleg kultur.

Vår Johannes har òg gjort det norske gardsnamnet Klæbo (eller Klæbu) frå Trøndelag verdskjend (mellomnamnet Høsflot får liggja). Førsteleddet er ‘klepp’, som tyder haug eller knaus. Difor er det eit namn me finn mange stader, Kleppe i Hordaland (jf. Per Kleppe), Klepp på Jæren, Kleppa i Sogn. Naturlegvis tok vestlendingane det med til Island; like nord for Reykjavik ligg Kleppur. Etterleddet -bo (eigentleg -bu) er i slekt med ‘bygd’, som igjen heng saman med verbet å byggja.

Marit ... ingen fortener ordet skidronning betre enn henne. Opphavet er det gresk-latinske Margareta. Og dét tyder noko så høveleg og rett som ‘kvit perle’. Perla Marit vil skina og blenkja lenge i norsk idrettshistorie! Bjørgen kjem frå gamalnorsk bjorg, ‘berg’. Same ordet som me finn i Bjørgo i Valdres og i bynamnet Bergen, som på eldre norsk heitte Bjørgvin (slette under fjell).

Hokjønnsordet dronning kjem frå det gamalnorske hankjønnsordet dróttinn, som tyder herre eller hovding. Sambandet er tydelegare på svensk, for der heiter dronning som kjent drottning.

På moderne islandsk lever ikkje uventa dróttinn i beste velgåande. Såleis kan det høyrast kvar søndag i kyrkjene, for det er det islandske ordet for Herren, altså Gud.

Førevarsla gjekk ut på at det kom til å bli traurige leikar i Pyeongchang. Visse utfordringar i været vart det, sant nok, men dette OL går inn i norsk idrettshistorie som ‘the best games ever’, for å sitera Samaranch frå Lillehammer 1994. Pyeongchang framstår i etterkant som den mest framgangsrike og blomstrande OL-byen gjennom alle tider – for oss nordmenn. Og det utrulege er, det er nøyaktig dét byen betyr: (den) ‘framgangsrike; blomstrande’!

Til slutt ein OL-blomster til Aftenposten som smidde nyordet medaljemaskiner om norske utøvarar. Journalistisk handverk: rett kreativitet, til rett tid!

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Eg prøvde aldri meir å vera morosam på Aps landsmøte»

Artikkelen er oppdatert: 10. april 2018 kl. 15.04

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk