Mandag 5. mars 2018
UROLEG: Åsne Skjelbred Refsdal er kritisk til den nye pensjonsavtalen som er forhandla fram mellom regjeringa og arbeidstakarorganisasjonane. Ho vil stemma nei. FOTO: CHRISTOPHER OLSSØN
• Pensjonsopptening til 75 år • Dagens unge som går av tidleg vil få særs låg pensjon
Lønnar lange karrierar
GULLØP: Regjeringa, LO, Unio, YS og Akademikerne vil gi superpensjonar til offentleg tilsette som kjem seg raskt i jobb og blir lenge.

PENSJON

Regjeringa, LO, Unio, YS og Akademikerne blei etter ein hard dragkamp i helga einige om ein ny pensjonsavtale for offentleg sektor. Ordninga blir innført frå 2020, og gjeld alle som i dag er 55 år eller yngre.

Blant sentrale prinsipp partane er blitt einige om, er å:

Gå vekk frå eit prinsipp om sluttlønnsbasert pensjon.

Alle år i jobb fram til 75 år skal gi pensjonsopptening.

• Pensjonsoppteninga skal enkelt flyttast mellom privat og offentleg sektor.

Skrota dagens AFP, ein tidlegpensjon, og innføra ein tilleggspensjon som kan takast ut ved sidan av jobb.

No skal resultatet til uravstemming blant tusenvis av tilsette i offentleg sektor.

Fakta

Ny offentleg pensjon:

• Regjeringa og partane i arbeidslivet er blitt einige om ein ny pensjonsavtale.

• Avtalen omhandlar blant anna tenestepensjon, AFP og alderspensjon til uføre.

• Nye ordningar blir innført frå 2020, og gjeld arbeidstakarar født i 1963 eller seinare.

• Avtalen gjeld 800.000 tilsette i staten, kommunar, fylkeskommunar, helseføretak og ideelle verksemder.

• For LO, Unio og YS sine medlemmar skal resultatet til uravstemming.

Skal stemma nei

Åsne Refsdal er styremedlem i alliansen Forsvar Offentleg Pensjon. Ho er ikkje nøgd.

– Verdien av å stå i arbeid frå du er 62 år og til du er 70 eller 75 år blir utruleg viktig. Det er ei heving av pensjonsalderen, eigentleg. Eg blir uroa på vegner av meg sjølv og ungane mine som blir endå hardare ramma, seier Refsdal.

Forsvar Offentleg Pensjon har ikkje tatt stilling til om dei vil gi eit klart råd til alle med stemmerett, men Refsdal har bestemt seg:

– Eg skal stemma nei.

Nestleiar i LO Peggy Hessen Følsvik seier det var viktig å komma i mål med forhandlingane, og at LO også har gått med på kompromiss.

Ho er nøgd med resultatet og meiner LO har sørga for viktige grep.

– Me har fått til ein avtale no som gjer at dei som blir pensjonistar i offentleg sektor også framover har ein god pensjonsavtale. Viss me ikkje fekk det til, så hadde me hatt ei ordning som ikkje var tilpassa folketrygda, seier ho.

Skulle kome lengre

Følsvik viser til at dei offentlege pensjonane stod i fare for å bli ramma av levealdersjusteringa. Den inneber at pensjonane blir justert etter forventa levealder, og yngre som det er forventning til at skal leva lengre, får lågare pensjon. Det ville gitt svært mange ein dårleg pensjon.

– Då ville mange fått ein pensjon under 50 prosent av inntektsnivået. Det er for lågt til å ha eit anstendig pensjonsnivå framover. Derfor måtte me gjera noko for å tilpassa dagens ordningar, seier ho.

Avtalefesta pensjon (AFP) i offentleg sektor blir no meir lik AFP i privat sektor. Men Følsvik seier dei har klart å tetta nokre av hóla som finst i AFP i privat sektor.

– Me fekk på plass eit tidlegpensjonstillegg, som regjeringa ikkje vil kalla tidlegpensjonstillegg, men «overgangstillegg». Det sat lengst inne. Dette skal ta i vare dei som må gå av ved 62 år. Dei får eit kronebeløp mellom 62 og 67 år. Det er ikkje veldig stort, og me skulle gjerne strekt det lengre enn til 1970-årgangen. Dette er noko av det viktigaste me har fått til.

Blant kompromissa LO har gått med på, er å strekka pensjonsoppteninga til 75 år.

– Me kunne tenkt oss 70 år. Men dette er ein del av kompromisset, seier Følsvik.

– Det er ingen tvil om at regjeringa har vunne denne dragkampen. Dette er full tilpassing av offentleg tenestepensjon til prinsippa i Folketrygda og privat tenestepensjon, seier pensjonsekspert i De Facto Stein Stugu.

Får 120 prosent av lønn

Stugu seier det vil gi ein ekstrem gevinst å jobba lenge.

– Viss to personar med samme inntekt sluttar ved 67 år, og den eine har jobba i 45 år og den andre i 30 år, vil den med 45 års opptening få 50 prosent meir i pensjon.

Han seier at dei som jobbar til dei er 72–75 år, kan få ein pensjon som er høgare enn lønna.

– Eg ville fått 120 prosent av lønna mi viss eg jobbar til 72.

Ifølge Stugu risikerer arbeidstakarar som må gå av ved 62–63 år, utan lang opptening, å enda med ein pensjon på under 50 prosent av lønna.

Følsvik stadfestar at det kan bli tilfelle for enkelte.

– Om folk er født i 1993 og seinare, og dei går av med pensjon ved 62 år, så kan dei komma ut med ein så lav sats. Men ordninga me no er samde om, skal evaluerast i 2030.

– Er ein ikkje for optimistisk for yngre generasjonars vegner, med tanke på kor lenge ein skal klara å jobba?

– Me ser jo at folk lever lenge, det gjer at levealdersjusteringa bit så hardt som den gjer. Levealdersjusteringa er vedtatt. Det klarer me ikkje retta opp med ordninga i offentleg sektor.

Men heller ikkje Akademikerne, som organiserer arbeidstakarar med lang utdanning og høge lønner, jublar.

– Me kom i mål, men me skulle hatt endå betre uttelling for dei som har lange karrierar. Men den nye ordninga er eit betre system for alle, seier forhandlingsleiar for Akademikerne, Geir Kvam.

annekarih@klassekampen.no

Torsdag 20. september 2018
KRITISK: Varselet mot skolebyråd Inga Marte Thorkildsen kan ende med at varslerne får sparken, tror advokat Olav Lægreid. Han mener det er gjort flere feil i varslingen.
Onsdag 19. september 2018
SNUDDE: Etter «nærmere dialog med departementet» stokket forsvarssjefen om på innstillingen til ny sjef i Heimevernet. Dermed rykket Eirik Kristoffersen opp fra bunnen til toppen av lista.
Tirsdag 18. september 2018
MEGAPROSJEKT: Equinor søker Enova om 2,5 milliarder i støtte for å elektrifisere to oljefelt med havvind. Det tilsvarer hele Enovas støttepott i fjor.
Mandag 17. september 2018
HØVLAR: Kutt i sjukehusbudsjett skal spara millionar. No åtvarar både tillitsvalde og direktørar om at det går ut over pasientar og arbeidsvilkår.
Lørdag 15. september 2018
IVRIG: Statsministeren hyllet amerikanske soldater i forkant av norgeshistoriens største Nato-øvelse. Landet rundt forberedes motdemonstrasjonene.
Lørdag 15. september 2018
LOVBRUDD: Juss­professor Geir Ulfstein mener Norge brøt FN-mandatet for Libya-operasjonen.
Fredag 14. september 2018
BOMBER: 9. mai 2011 sa Jonas Gahr Støre til Stortinget at Gaddafi ikke var et mål for krigen. Omtrent samtidig deltok Norge i bombingen av diktatorens hovedkvarter.
Torsdag 13. september 2018
UKLART: Begge fløyene i Ap er fornøyde med migrasjonsutvalgets innstilling. Ekspertene mener den er uklar.
Onsdag 12. september 2018
ASYL: Storbylagene vil at Arbeiderpartiet skal snu om returer av sårbare grupper. I dag kommer migrasjonsutvalgets innstilling om asylpolitikk.
Tirsdag 11. september 2018
NY FRIST: Unge Høyre-leder Sandra Bruflot ber regjeringen innføre foreldelsesfrist for tilbakekall av statsborgerskap. Hun får følge av Unge Venstre, mens FpU er i tenkeboksen.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk